Drifta av banken er påverka av ei rekke tilhøve, særleg innverknad har rente- og kredittrisiko. Andre større risikoar er likviditets- og kursrisiko i verdipapir. Bankverksemda medfører òg ein operasjonell risiko.
Styret har fastsett rutinar for rapportering om utviklinga på risikoområda. Det er òg utvikla eit eige internkontrollsystem for den totale bankverksemda. Styret har òg fastsett retningslinjer og prinsipp for internkontroll. Administrasjonen har ansvar for å følgje opp den daglege risikostyringa.
Sogn Sparebank har dei siste åra hatt moderat balanse i utlåns- og innskotsveksten. Styret er merksam på risikoen ved høg utlånsvekst, og kva dette kan bety for kapitaldekninga i banken. I tillegg er styret kjend med risikoen ved å vere meir avhengig av å henta finansiering i kapitalmarknaden. Styret har difor sett mål både for kapitaldekninga og likviditeten i banken, og vil gjere tiltak dersom kapitaldekninga og likviditeten kjem under grenser formulert i beredskapsplan.
Finansiell risiko
Banken sin finansielle risiko gjennom året knyter seg til alle finansielle instrument banken er eksponert for, men spesielt til utlån/garantiar og aktivitetar i penge- og kapitalmarknaden. Risiko knytt til utlån og garantiar er omtala i eige avsnitt. Verksemda til banken skal haldast innanfor rammene for moderat risiko som styret har vedteke. Konkretiserte rammer går fram av banken sin finansstrategi. Det er banken si økonomiavdeling som er ansvarleg for finansforvaltninga. Økonomiavdelinga rapporterer direkte til adm. banksjef. Verkeleg eksponering i forhold til vedtekne rammer blir regelmessig følgde opp og rapportert til styret. Rapporten blir utarbeida av risikoansvarleg, banken sin uavhengige kontrollfunksjon. Banken sin finansielle risiko er splitta i marknadsrisiko, kredittrisiko og likviditetsrisiko.
Marknadsrisiko
Marknadsrisiko er sett saman av renterisiko, kredittspreadrisiko, valutarisiko og aksjekursrisiko.
Rente- og kredittspreadrisiko
Renterisiko oppstår når det er skilnader i rentebindingstid mellom aktiva og passiva. Det er nytta ein standardisert modell for berekning av total renterisiko knytt til banken sin balanse og utanombalansepostar. Styret har sett opp interne rammer for renterisiko, og total renterisiko blir regelmessig rapportert til styret.
I tillegg til ramme for total renterisiko er det fastsett eigne rammer for kredittspreadrisiko knytt til porteføljen av sertifikat, obligasjonar samt sertifikat- og obligasjonsfond. Porteføljen har kort rentebindingstid og medfører liten renterisiko knytt til endringar i rentekurva. Uroa i kredittmarknadene har derimot påverknad på investorane sitt marginkrav, og denne spreadutgangen kan føre til betydelege kurstap på porteføljen. Slike urealiserte kurstap vert reversert fram mot forfall på det enkelte papir dersom utstedar er betalingsdyktig.
Sogn Sparebank har ei obligasjonsportefølje på enkeltpapir pr. 31.12.2024 på 10,1 mill. kroner. Renterisikoen er redusert ved at alle obligasjonane er knytt opp mot flytande rente. Banken har ei portefølje av aksje- og pengemarknadsfond på 343,7 mill. kroner med ein gjennomsnittleg rentedurasjon på om lag 0,2 år. Sett i samanheng med andre balansepostar med rentebinding, har banken likevel ein viss renterisiko.
Valutarisiko
Banken skal ikkje ta på seg valutarisiko utover eventuelle rammer vedtekne av styret. Banken har ikkje valutarisiko knytt til kontantbehaldningar, depositumskonto og pengekrav i framand valuta. Valutaeksponeringa i banken er låg. Banken har ikkje valutalån på eiga bok.
Aksjekursrisiko
Aksjekursrisiko er knytt til porteføljen av aksjar, aksjefond og eigenkapitalbevis. Desse verdipapira er vurdert til marknadsverdi, og eit fall i kursane vil føre til at banken må bokføre eit tilsvarande kurstap. Marknadsverdien av banken si portefølje av aksjar, aksjefond og eigenkapitalbevis til verkeleg verdi over resultatet utgjorde 364 mill. kroner ved utgangen av 2024. Styret vurderer kursrisikoen i banken sine verdipapir til verkeleg verdi over resultatet som moderat. Målet til styret er å ha ei stabil langsiktig avkasting med minimal kursrisiko på banken sin portefølje. Kredittrisiko
Kredittrisiko er risiko for at låntakar ikkje vil eller ikkje er i stand til å betale lån tilbake. Med unntak for utlån og garantiar til kundar, er banken sin kredittrisiko hovudsakeleg knytt til plassering av midlar i sertifikat, obligasjonar og som innskot i andre finansinstitusjonar. Det er fastsett rammer som skal avgrense risikoen knytt til slike plasseringar.
Styret har fastsett rammer for risiko innan kredittgjeving. Kredittrisikoen vert overvaka ved misleghaldsrapportering, risikoklassifisering og bransjeanalysar.
Likviditetsrisiko
Likviditetsrisiko er risiko for manglande likviditet til å kunne innfri forpliktingar ved forfall. Innlånsporteføljen er systematisk bygd opp med langsiktige og kortsiktige forfall. Banken har trekkrettar som ved utgangen av året ikkje var trekt opp. Skilnaden på vekst i innskot og utlån har gjort banken mindre avhengig av ekstern finansiering. Banken har pr. 31.12.2024 totalt lånt 601,6 mill. kroner frå pengemarknaden. Sjå note 35 for meir informasjon.
Likviditetsrisikoen i banken er innanfor fastsette mål. Banken har lagt vekt på at likviditetsrisikoen skal vere moderat. Med bakgrunn i dette har banken bygd opp ein stor likviditetsreserve som pr. 31.12.2024 var 864,2 mill. kroner fordelt på kontantar, innskot i finansinstitusjonar, sentralbankar. Banken har ein LCR2 (Liquidity Coverage Ratio = likvide eigendelar) pr. 31.12.2024 på 212 og NSFR (Net Stable Funding Ratio) på 139. Dette er over både offentlege krav og banken sine interne mål.
Innskotsdekninga i banken pr. 31.12.2024 er 92,6 %. Styret meiner innskotsdekninga og likviditets-risikoen i banken er god og under kontroll.
Kontantstraumoppstillinga
Kontantstraumoppstillinga viser anskaffing og bruk av likvide midlar. Den skal saman med andre rekneskapsopplysningar gi informasjon om konsernet si evne til å generere likvidar og banken sitt behov for finansiering. Kontantstraumen vert delt inn i følgjande hovudaktivitetar: operasjonelle aktivitetar, investeringsaktivitetar og finansieringsaktivitetar. Banken si kontantstraumoppstilling syner korleis Sogn Sparebank har fått tilført likvide midlar, og korleis desse er brukt.
Likviditetsbehaldninga i banken har auka til 864,2 mill. kroner pr. 31.12.2024 frå 719,3 mill. kroner pr. 31.12.2023.
Operasjonell risiko og internkontroll
Styret og leiinga er merksame på risiko for tap knytt til den daglege drifta av banken. Dette kan vere svikt i datakommunikasjon, system og rutinar. Det kan også oppstå feil grunna svikt i kontrollar, manglande kompetanse eller menneskelege feil.
For å ivareta desse viktige områda, og med mål om heile tida å bli betre, så har banken jf. CRD IV-føreskrifta etablert eit internkontrollsystem. Internkontroll er ein kontinuerleg prosess der kontrollar og tiltak blir utført av banken si førstelinje.
Adm. banksjef utarbeider ein årleg rapport til styret på gjennomføring, funn og tiltak kring siste års arbeid med internkontroll. Styret vurderer den operasjonelle risikoen til banken som akseptabel. Banken har også ein uavhengig etterlevingsfunksjon som utfører eigne kontrollar og rapporterer kvartalsvis til banken sitt styre. Banken har også system for rapportering av operasjonelle hendingar og kundeklagar, for å fange opp område med behov for tiltak for å redusere risiko for feil og eventuelt tap.
Kredittrisiko og forventa tapsutvikling
Banken har ei kontinuerleg oppfølging av utlån og garantiar med sikte på å redusere tap. Kredittrisiko knytt til utlån og garantiar vert overvaka blant anna gjennom rapportering av misleghaldne og tapsutsette engasjement, samt risikoklassifisering og individuell vurdering av enkeltengasjement. Brutto kredittforringa engasjement er på 165,0 mill. kroner ved utgangen av 2024, mot 133,9 mill. kroner i 2023. Banken gjennomfører fortløpande ei grundig vurdering av utvalde engasjement for å avdekke moglege individuelle tap, og gjer avsetningar i høve til det. God styring av risiko vil vere eit prioritert område også framover.
For komande treårsperiode forventar banken at normaliserte tap på utlån og garantiar vil bli lågare enn 0,2 % av brutto utlån.