Fjoråret var eit normalt år med moderat vekst i økonomien, fallande inflasjon, betring i kjøpekrafta for folk flest og låg arbeidsløyse. Normale år for økonomien med høge renter gjev gode bankår, og 2024 ga mange bankar rekordresultat.
BNP for Fastlands-Norge auka med om lag eitt prosentpoeng i løpet av fjoråret. Dette er berre litt under trendveksten for norsk økonomi. Difor blei det berre ein marginal auke i arbeidsløysa frå 1,8 prosent i 2023, til 2,0 prosent i 2024. Talet på konkursar steig med 5 prosent frå 2023 til 2024, ifølgje Fair Group. Ein fjerdedel av konkursane kom i bygg- og anleggssektoren, eit utviklingstrekk som truleg vil vare gjennom 2025.
Konsumprisindeksen steig med 3,1 prosent, med 3,7 prosent vekst i kjerneinflasjonen. Med ein lønsvekst på 5,2 prosent blei 2024 eit år med unormalt sterk 2 prosent vekst i hushaldningane si kjøpekraft.
Norges Bank heldt sin foliorente uendra på 4,5 prosent gjennom fjoråret. Men pengemarknadsrenta har falle med ein tidel takka vere god likviditet i banksektoren og forventningar om rentekutt i mars 2025. God vekst i kjøpekraft, tru på at rentetoppen er passert, og låg bustadbygging bidrog til ein vekst i bustadprisane på 2,7 prosent.
Valutamarknaden var uroleg med ein gjennomgåande svært sterk dollar, men for gjennomsnittet av våre importvaluta, målt ved I-444 indeksen, enda vi berre med ei moderat svekking for året som heilskap. Kredittveksten var svak gjennom året, men ser ut til å ha teke seg noko opp i hushaldningssektoren mot slutten av året. Ikkje-finansielle føretak har framleis svært svak kredittvekst, medan kommunane har måtte bøte på sine svake finansar med sterk vekst i sine låneopptak.
Utsiktene for bankane i 2025 vurderast som lyse, men er som alltid avhengig av utanlandske forhold som Norge ikkje rår med. Også i 2025 ventast kjøpekrafta i hushaldningane å stige, rentene gå litt ned, og bustadprisane å auke i heile landet. BNP-vekst antas å halde seg høg nok til at arbeidsløysa ikkje stig vidare. Konjunkturbarometeret for industrien viser i 4. kvartal 2024 den sterkaste optimismen for framtida sidan 2019.