Eika Alliansen – ein hjørnestein i norske lokalsamfunn
Sogn Sparebank er aksjonær i Eika Gruppen AS. Eika Alliansen består av rundt 46 sjølvstendige lokalbankar, Eika Gruppen og Eika Boligkreditt, og har ein samla forvaltningskapital på over 500 milliardar kroner og 3500 tilsette. Dette gjer Eika Alliansen til ein av dei største og viktigaste aktørane i den norske bankmarknaden.
Alliansebankane styrkar lokalsamfunnet
Med moderne digitale kundeløysingar og kompetente autoriserte rådgjevarar med eit personleg engasjement for kundane sine og lokalsamfunnet, gjev me unike kundeopplevingar og byggjer sterke lokalbankar med høg tillit. Lokalbankane i Eika Alliansen bidreg til økonomisk vekst og tryggleik for privatkundar og lokalt næringsliv.
Eika styrkar lokalbankane
Alliansen si kjerneverksemd er å sikre lokalbankane moderne og effektiv bankdrift gjennom gode produkt- og tenesteleveransar. Leveransane inkluderer ei komplett plattform for bankinfrastruktur inkludert IT og betalingstenester, i tillegg til samhandlings- og kompetanseverktøy for bankane sine tilsette og kundar. Eika Kundesenter og Eika Servicesenter leverer tenester som sikrar betre kundeservice gjennom auka tilgjengelegheit og effektiv kommunikasjon.
I 2024 fusjonerte Eika Forsikring med Fremtind Forsikring, og Eika Kredittbank fusjonerte med Sparebank1 Kreditt, som blei Kredittbanken AS. Desse samanslåingane styrker selskapa si konkurransekraft og bidreg til å styrke lokalbankane. Sogn Sparebank er medeigar og distributør av produkt frå både Kredittbanken AS og Fremtind Forsikring, som leverer eit breitt spekter av forsikringsprodukt.
Eika Boligkreditt sikrar langsiktig og stabil finansiering
Hovudføremålet til Eika Boligkreditt er å sikre lokalbankane tilgang til langsiktig og konkurransedyktig finansiering. Føretaket er direkte eid av 59 norske lokalbankar og OBOS. Eikabankane får dermed tilgang på langsiktig og svært gunstig finansiering, og kan oppretthalde konkurransekrafta mot større norske og internasjonale bankar.
Med ein forvaltningskapital på vel 120 milliardar kroner (pr. Q3 2024), er Eika Boligkreditt ein avgjerande bidragsytar til at lokalbankane oppnår redusert finansieringsrisiko og kan oppretthalde konkurransedyktige vilkår på sine bustadlån. Ved utgangen av 2024 har Sogn Sparebank finansiert 868 mill. kroner i Eika Boligkreditt AS, og har ein eigarpost i selskapet på 0,85 prosent.