Sogn Sparebank legg fram eit driftsresultat før tap på 141,1 mill. kroner per 31.12.2024. Resultatet før tap er 25,7 mill. kroner betre enn i 2023.
Resultat av ordinær drift etter skatt er på 103,8 mill. kroner pr. 31.12.2024. Banken har pr. 31.12.2024 kostnadsført nedskrivingar på utlån og garantiar med 6,3 mill. kroner. Utviklinga i rekneskapen viser at tap på utlån og garantiar i 2024 har gått ned med 2,1 mill. kroner frå 2023.
Soliditeten målt i form av rein kjernekapitaldekning i banken er på 26,56 % , og banken framstår som ein solid og godt kapitalisert lokalbank. Dette har gitt rom for å gjere framlegg om eit utbyte på 20,00 kroner pr. eigenkapitalbevis, i tråd med utbytepolitikken til banken.
Totalresultatet pr. 31.12.2024 var 101,9 mill. kroner.
Føresetnader for årsrekneskapen
Årsrekneskapen er lagt fram under føresetnad av framleis drift. Styret kjenner ikkje til at det er vesentleg usikkerheit knytt til årsrekneskapen, og kjenner heller ikkje til ekstraordinære tilhøve som har innverknad på vurderinga av banken sitt rekneskap.
International Financial Reporting Standards (IFRS)
Sogn Sparebank legg fram bankrekneskap i samsvar med den internasjonale rekneskapsstandarden International Financial Reporting Standards (IFRS). Rekneskapen viser eitt års samanlikningstal.
Årsresultat
Sogn Sparebank fekk eit resultat før skatt på 134,8 mill. kroner. Driftsresultatet før skatt i 2023 var 107,0 mill. kroner. Eigenkapitalrentabiliteten av totalresultatet etter skatt vart 8,97 % i 2024, mot 7,32 % i rekneskapen for 2023.
Ordinært resultat bankdrift etter skatt for rekneskapsåret vart 103,8 mill. kroner. Tilsvarande tal i rekneskapen for 2023 var 85,2 mill. kroner.
Netto rente- og kredittprovisjonsinntekter
Netto renteinntekter pr. 31.12.2024 var 188,3 mill. kroner. Tilsvarande tal i 2023 var 180,0 mill. kroner. Rentenetto i prosent av gjennomsnittleg forvaltningskapital har gått ned til 2,35 % i 2024 frå 2,36 % i 2023.
Rentenivået har i 2024 vore stabilt. Noregs Bank har ikkje endra styringsrenta i løpet av året. Sogn Sparebank har som følgje av auken i styringsrenta heva sine renter på innskot og utlån i samsvar med endringane i marknaden, med unntak av siste renteheving i desember 2023 der banken valte å ikkje heve renta.
Banken har betalt 3,2 mill. kroner til innskotsgarantifondet og 0,3 mill. kroner til krisehandteringsfondet i 2024. I 2023 vart det betalt 4,5 mill. kroner til innskotsgarantifondet og 0,3 mill. kroner til krisehandteringsfondet.
Netto andre driftsinntekter
Netto andre driftsinntekter i Sogn Sparebank i 2024 utgjorde 58,3 mill. kroner. Tilsvarande tal i rekneskapen for 2023 var 51,9 mill. kroner. Det er i rekneskapen inntektsført 31,5 mill. kroner i netto avkastning på finansielle investeringar i 2024 mot 25,2 mill. kroner i 2023.
Driftskostnader
Samla driftskostnader for Sogn Sparebank vart i 2024 105,6 mill. kroner. Målt mot gjennomsnittleg forvaltningskapital utgjorde driftskostnadene 1,32 % i snitt. Kostnader i prosent av totale inntekter ekskl. kursvinst pr. 31.12.2024 er 49,1 %.
Tapskostnader
Banken har gått gjennom låne- og garantiporteføljen, og vurdert den i samsvar med retningslinjer frå Finanstilsynet.
Sogn Sparebank har pr. 31.12.2024 kostnadsført nedskrivingar på utlån og garantiar med 6,3 mill. kroner. Dette er ein nedgang frå 2023 som viste tap på 8,3 mill. kroner. Tapsavsetningane er i all hovudsak knytt til kredittengasjement innan bedriftsmarknaden. Banken gjennomfører fortløpande ein grundig vurdering av utvalde engasjement for å avdekke forventa tap og gjer avsetningar i høve til det. Nærare opplysningar om tap går fram av notar og styret si vurdering under avsnitta kredittrisiko og forventa tapsutvikling.
Verdipapir som blir ført over totalresultatet
Dei største postane over utvida resultat er Norway’s Best Group AS, Eika Gruppen AS og Eika Boligkreditt AS. Samla verdi på aksjane over utvida resultat har hatt ein verdireduksjon på 1,8 MNOK i 2024, mot 7,5 MNOK i 2023. Sjå note 28. Desse aksjane blir ikkje omsett i ein aktiv marknad, og verdivurderinga av aksjane er basert på emisjons- og omsetningskursar, samt banken sine eigne vurderingar.
Disponering av årsresultatet
Styret vil på generalforsamlinga 9. april 2025 tilrå generalforsamlinga å disponera årsresultatet 2024 som følgjer
Disponering av årsresultat
Årsresultat etter skatt
103 758
Utbytte EK bevis
12 650
Utjamningsfondet
1 139
Gåveutdeling
8 997
Sparebanken sitt fond
80 972
Styret vil tilrå generalforsamlinga å betala ut 20,00 kroner i utbyte pr. eigenkapitalbevis for 2024.
Resultatet i Sogn Sparebank vert delt høvesvis mellom sparebanken sitt fond og eigenkapital-beviskapitalen. Banken nyttar inngåande balanse for eigenkapitalbevis med tillegg av utjamningsfond ved utrekning av eigenkapitalbevisbrøken. Sogn Sparebank har som mål at minst 50 % av resultatet etter eigenkapitalbevisbrøken vert utbetalt som utbyte, resten vert lagt til utjamningsfondet. Kvart år vurderer styret og generalforsamlinga behov for overføring til gåvefondet.
Balansen
Forvaltningskapital
Ved utgangen av 2024 var forvaltningskapitalen i Sogn Sparebank 8,2 milliardar kroner. I 2023 var den 7,8 milliardar. Vert det teke omsyn til at banken har formidla lån gjennom Eika Boligkreditt AS på til saman 0,9 milliardar kroner, er forvaltningskapitalen pr. 31.12.2024 9,1 milliardar kroner.
Innskot
Innskota i Sogn Sparebank pr. 31.12.2024 var 6,1 milliardar kroner, ein auke på 259,8 millionar samanlikna med rekneskapen pr. 31.12.2023. Innskot frå personkundar var 4,2 milliardar kroner, medan innskot frå næringslivskundar var 1,9 milliardar kroner. Innskotsdekninga i morbank pr. 31.12.2024 var 92,6 %
Utlån
Ved utgangen av 2024 var brutto utlån til kundar 6,6 milliardar kroner, det er ein liten auke i høve rekneskapen 2023. Brutto utlån frå personkundar i banken var 5,5 milliardar kroner, medan brutto utlån til næringslivskundar var 1,1 milliardar kroner. I tillegg formidla konsernet 0,9 milliardar kroner i lån til banken sine personkundar via Eika Boligkreditt AS.
Verdipapir
Verdien på banken sine verdipapir til verkeleg verdi over resultatet var ved årsskiftet 364 mill. kroner. Verdipapir til verkeleg verdi over utvida resultat var 327 mill. kroner.
Soliditet
Etter overskotsdisponering for 2024, utgjer eigenkapitalen til banken 1 178,3 mill. kroner pr. 31.12.2024.
Kapitaldekning
Pr. 31.12.24 var banken si kapitaldekning 26,56 % mot 24,25 % i høve same periode i fjor. Rein kjernekapitaldekning i banken var 26,56 % pr. 31.12.2024 mot 24,25% pr. 31.12.2023. Banken si kapitaldekning ligg godt innanfor alle regulatoriske krav. Pr. 31.12.2024 gir forholdsmessig konsolidering av Eika Gruppen AS og Eika Boligkreditt AS ei konsolidert kapitaldekning på 24,57 %. Rein konsolidert kjernekapitaldekning var 24,67 % pr. 31.12.2023.