Medan vi no er godt i gang med 2025 vil eg gjerne dele nokre tankar om året som har gått, og kva vi ser fram til i det nye året. I byrjinga av 2024 var det fleire analytikarar som spådde at sentralbanken kom til å sette ned styringsrenta. Ved utgangen av året var det klart at denne spådomen ikkje slo til. Sjølv om den underliggande prisstiginga har kome noko ned, har andre faktorar gjort at Noregs Bank har venta med å justere renta. Banken observerer at fleire har brukt opp sparepengane sine, og at ein tenkjer seg meir om før ein brukar pengar. Trass i dette opplever vi at dei fleste av kundane våre står stødig. Tapa er få, og dei fleste handterer situasjonen godt, sjølv om alle merkar at alt har blitt dyrare. Sogn Sparebank sitt fokus er å vere ein god medspelar som lagar skreddarsydde løysingar til kvar enkelt kunde.
Gjennom året har vi vore aktive med ulike tiltak som går på å opplyse og lære opp kundane våre slik at dei unngår å bli svindla. I kvardagen jobbar vi aktivt med tiltak mot kvitvasking, eit arbeid som krev tett samarbeid med både kundar og styresmakter. Banken jobbar tett med Eika og andre aktørar i bransjen med tiltak for å hindre svindel. Internt har vi gjennomført tiltak for å auke kompetansen, og vi tek i bruk nye digitale verktøy som hjelper oss med å redusere skadeomfanget. Samla står vi betre rusta i kampen mot svindel i framtida, men dette er eit arbeid som må utviklast og haldast fram med kontinuerleg.
Sogn Sparebank er først og fremst lokalbank for Sogn og for privatkundar nasjonalt som enten har tilknyting til Sogn eller synes at vårt forretningskonsept er interessant. Samarbeid er nøkkelen til suksess, og me har alltid ei open dør for lag og organisasjonar, eldsjeler og gode innspel til korleis banken kan bidra til at Sogn vert ein endå betre plass å bu og vekse opp i. Det å vere lokal og vere til for lokalmiljøa, er det som står hjartet vårt nærast. I tråd med gode sparebankverdiar gir vi tilbake til lokale lag, foreiningar og er ein betydeleg sponsor for ei rekke lokale idrettslag og festivalar. For næringslivet skal vi hjelpe dei lokale verksemdene som skaper arbeidsplassar, finansiere utvikling og bidra til å oppfylle draumen om vekst og utvikling i Sogn.
Vi gler oss til eit nytt år, saman med eksisterande og nye kundar. Banken er solid og har kapasitet til å bidra med vekst og utvikling. Avslutningsvis vil eg takke kundane våre som vi verdset høgt, og våre gode samarbeidspartnarar. Ein stor takk til banken sine engasjerte og kompetente medarbeidarar som eg er stolt av å vere på lag med. Vi har levert eit godt årsresultat for 2024, og no er vi i full gang med å skape verdiar for deg og lokalmiljøet i 2025.
Mads Indrehus, Administrerande banksjef Sogn Sparebank