Erklæring frå styret sine medlemmar og dagleg leiar
Me stadfestar at årsrekneskapen for rekneskapsåret 2024, etter vår beste overtyding, er utarbeida i samsvar med gjeldande rekneskapsstandardar og at opplysningar i rekneskapen gjev eit rettvist bilete av banken sine eigendelar, gjeld, finansielle stilling og resultat som heilskap. Me legg til grunn at opplysningane i årsmeldinga gjev ei rettvis oversikt over utviklinga, resultat og stilling for banken, saman med ei skildring av dei mest sentrale risiko- og usikkerheitsfaktorane føretaket står ovanfor.