Sogn Sparebank er en lokal sparebank innerst i Sognefjorden. Me vil bidra til å gjere Sogn til ein endå betre stad å bu og vokse opp i. For å lukkast med det vil me vere ein nær og sutalaus medspelar for kundane våre, og sikre berekraftig vekst og utvikling av lokalsamfunna våre.
Sogn Sparebank har etablert rollen som berekraftsansvarleg, og har etablert organisering for arbeidet med berekraft. Styret har ansvaret for å vedta mål og strategiar for banken sitt berekraftsarbeid, og evaluere tiltaka minst ein gong årleg. Leiinga har ansvaret for å forankre og etablere berekraftstrategien i banken. Berekraftsansvarleg har ansvar for intern og ekstern berekraftsrapportering, samt koordinering av berekraftsarbeidet i banken. Rollen leiar også berekraftsgruppa, som er ei tverrfagleg gruppe med tilsette frå banken sine fagområde – bedrift, privat, kundesenter, kommunikasjon, økonomi og stab. Berekraftsgruppa har et fellesansvar for utarbeiding av bankens berekraftsstrategi, overordna mål og tiltaksplan saman med berekraftsansvarleg.
Sogn Sparebank skal frå 2024 årleg rapportere for sitt arbeid med berekraft og samfunnsansvar i samband med årsmeldinga, jamfør regnskapslovens §3-3c. Vi har som mål å utvide og konkretisere rapporteringa vår etter kvart som vi får tilgang på meir relevant informasjon og data. Frå 2026 blir vi rapporteringspliktige jamfør CSRD-krava. Vi har allereie starta prosessen og deltek i Eika sitt CSRD-prosjekt. I tillegg har Sogn Sparebank signert avtale med miljøfyrtårnstiftinga og jobbar mot å bli godkjend miljøfyrtårn i 2025. Samstundes blir det også utvikla eit eige område på banken si nettside om berekraftsarbeidet vårt.
Berekraft handlar om å ta vare på dei ressursane me har tilgjengeleg, og forvalte dei på best mogeleg vis til komande generasjonar. Dette er viktig som arbeidsgivar, finansinstitusjon og lokalbank som er oppteken av levande lokalsamfunn.
Banken har definert fire områder der vi særleg kan påverke:
Likestilling, mangfald og kunnskapsutvikling
Likestilling og diskriminering er særleg nemnt i banken sin policy for berekraftig verksemd og samfunnsansvar. Moglegheitene skal vere like, uavhengig av alder, etnisitet, nasjonalt opphav, kjønn, avstamming, hudfarge, religion, legning, livssyn eller funksjonsevne. Banken godtek ikkje nokon form for verbal, psykisk, fysisk eller seksuell trakassering. Kvinner og menn skal ha like moglegheiter for å kvalifisere seg til alle typar oppgåver, og karrieremoglegheitene skal vere dei same. Banken har nulltoleranse for diskriminering og har fokus på at kompetanse skal vere toneangivande.
Banken har signert «Kvinner i finans charter», som har som mål å auke kvinneandelen i leiande posisjonar i finansnæringa i Noreg. Banken har satt seg mål om femti prosent kvinneandel i leiar- og ansvarsstillingar i banken. For Sogn Sparebank er det kompetansen som er det avgjerande, og ikkje kva kjønn ein har. Likevel vil leiinga oppmuntre og legge til rette for at fleire kvinner rekk opp handa og tek ansvar. For å få til dette er det viktig med gode førebilete. Gjennom 2024 har fleire kvinner i organisasjonen hatt spesialist- og ansvarsrollar. Kompetanseutvikling er eit fast punkt i medarbeidarsamtalen. Det er viktig for banken med god kjønnsdeling, aldersfordeling og mangfald i organisasjonen. Fordelen med å ha folk i ulike aldrar og livssituasjon, er at me speglar kundane, samt at det er enklare for banken å tilpasse seg den enkelte sin livssituasjon. Her ligg me godt an. Me har god kjønnsfordeling, og variasjon i alder heilt frå 21 til 67 år, og gjennomsnittsalderen er 42 år. Leiinga i banken har i 2024 bestått av 2 kvinner og 3 menn, 1 av 2 teamleiarar er kvinner. Frå årsskiftet er det tre personar i leiargruppa i banken, 2 menn og 1 kvinne.
Arbeidsmiljø og personale
Til saman er det utført 41,1 årsverk i 2024, fordelt på 45 tilsette. Det er tilsett 5 nye medarbeidarar i året som har gått. Banken har internkontrollsystem for helse, miljø og sikkerheit.
Medverknad er ein føresetnad for eit godt arbeidsmiljø og kvar og ein av medarbeidarane har ansvar for å bidra til trivsel både for seg sjølv og andre. Banken nyttar mykje ressursar for å legge til rette for sosiale samlingar for tilsette i banken, noko som har stor verdi for å bli godt kjende og for arbeidsmiljøet. Styret er opptekne av eit godt arbeidsmiljø, og leiinga i banken vil halde fram med å prioritere dette arbeidet. Sjukefråværet var på 8,47 % i 2024, mot 9,10 % året før. Banken har hatt fleire langtidssjukemeldingar som no er på nedtrapping. I ein bank på vår storleik vil alltid langtidssjukemeldingar gje store utslag, og ikkje spegle generelt sjukefråvær. Uavhengig av dette har sjukeprosenten stort fokus, og det er viktig for oss som arbeidsgjevar å setje inn rette tiltak for banken og dei tilsette sin del. Det er ikkje rapportert om skadar eller ulukker i samband med arbeidet.
Openheitslova
Openheitslova skal fremje verksemder si respekt for grunnleggjande menneskerettar og anstendige arbeidsforhold i samband med produksjon av varer og levering av tenester. Lova skal også sikre ålmenta tilgang til informasjon om korleis verksemder handterer negative konsekvensar for grunnleggjande menneskerettar og anstendige arbeidsforhold. Banken vil rapportere i forhold til lovkrava innan fristen 30. juni 2025. Rapporten vil bli publisert på banken si heimeside under menypunktet investorinformasjon og rapportar.
Positiv påverknad gjennom kundane
Rådgjevar er ofte ein sparringspartnar for kunden og me har høve til å bidra til meir berekraftig åtferd hjå kundane gjennom å formidle kunnskap om temaet og gje gode råd i dialogen med privat- og næringskundar. Vurdering av ESG-kriteria er ein naturleg del av alle kredittsaker på næring, og det er også blitt implementert i portalen for produksjon av kredittsaker for privatlån. Det skal vere ein del av alle kredittvurderingar i banken.
Banken kan også tilby berekraftige produkt til kundane, og framover skal vi jobbe med å utvide produktsortimentet på grøne produkt. Per 31.12.2024 hadde Sogn Sparebank finansiert bustadlån med sikring i grøn bustad for 1,3 mill. kroner. Me tilbyr også grøne billån gjennom Eika. Eika Kredittbank sine smålån vert tilbydde og marknadsført som produkt du kan nytte til oppussing og refinansiering. Eika Kapitalforvalting sine retningsliner gjer at spareprodukta som banken tilbyr via Eika, oppfyller strenge krav til samfunnsansvar, berekraft, etikk og openheit.
Fokus på rett informasjon
Marknadsføringa av våre tenester og produkt vert sakleg og korrekt framstilt, i samsvar med lover og reglar. Ein av banken sine viktigaste kommunikasjonskanalar er sosiale medium. Her har me fokus på å gje gode, aktuelle økonomiske og berekraftige råd til følgjarane våre, vise kven som jobbar i banken, vise fram næringskundar og få fram verdien av lokalbanken i Sogn.
Digital kommunikasjon og elbil ved behov
Banken har ein desentralisert struktur, med nokså store avstandar mellom kontora. For å forsøke å avgrense reiseverksemda er digitale kommunikasjonsverktøy avgjerande for ein god og effektiv arbeidskvardag. Teams og andre flater blir flittig nytta internt i organisasjonen, men også ut mot kundar og samarbeidspartnarar. Tilsette disponerer stort sett firmabilar som enten er elbil eller hybrid når det er behov for å reise rundt frå kontor til kontor, eller ved representasjon. Sogn Sparebank er ein lokalbank som tilbyr kundane ein smart og enkel bankkvardag, både digitalt og med fysiske kontor i lokalsamfunna. Banken forureinar ikkje det ytre miljøet utover det som er vanleg for bankdrift. Det blir vurdert å vere ubetydeleg.
Utvikling og fornying av bygg
Banken eig ein del av kontorbygga sine, og i 2024 har me helde fram med å fornye og energieffektivisere bygningsmassen. I november vart Aurland kontorhub opna, eit kontorfellesskap i Sogn Sparebank sitt bygg i Aurland, som stettar eit samfunnsnyttig behov for kontorplassar med høg gjenbruksfaktor både i byggjemateriale og interiør. Det er tilnærma hundre prosent gjenbruk på inventar. Det er også jobba vidare med eit stort fornyingsprosjekt for bankkontoret i Vik, det er omfattande og vil starte opp i 2025.
Kompetanse og kunnskapsformidling
Banken er ei kompetansebedrift og bidreg til kompetansearbeidsplassar i distriktet. Gjennom banken sin bedriftsavtale, utarbeida i samarbeid med dei tillitsvalde, er det gode mogelegheiter for kompetansehevande tiltak for alle tilsette. Det er ein ressurs å ha folk som ynskjer å heve eigen kompetanse, som igjen gagnar kundar og lokalsamfunn. Vi har fokus på å informere og forklare kva moglegheiter som finst for dei tilsette i banken, både i rekrutteringsprosessar og med jamne mellomrom i organisasjonen generelt.
Rekrutteringsprosessen er eit kontinuerleg arbeid i kampen om dei rette hovuda. Når banken kan vise til gode resultat og nøgde medarbeidarar, godt engasjement i sosiale media, positive medieoppslag og gode kundeopplevingar, då er sjansane større for at ein også tiltrekk seg gode folk når det er behov for det. Dette er noko me jobbar målretta for gjennom heile året.
Kompetanseutvikling i Eika Skulen er også med å sikre god miljøleiing og berekraftige val i eigne organisasjonar og ovanfor leverandørar og samarbeidspartnarar.
Samarbeid om møteplassar og levande lokalsamfunn
Vi er stolte av å vere på lag med lokalsamfunna – det vil seie å samarbeide tett med lokalbefolkninga, inkludert lag, organisasjonar, bedrifter og offentlege aktørar. Gjennom tett samarbeid skal vi bidra til å gjere Sogn til ein betre stad å bu og vekse opp i.
I retningslinjene for gåvefondet til banken er berekraft, folkehelse eller barn og unge er i fokus, og vil få særleg merksemd. Gåvemidlane skal skape verdiar og hjelpe lag og organisasjonar til å gjennomføre idear og tiltak som kjem flest mogleg til gode og skapar gode møteplassar. I 2024 delte banken etter søknad ut om lag 7,4 mill. kroner i gåvemidlar. Gåvemidlar som ikkje er utdelt, er øyremerka seinare gåvetidelingar. I tillegg har me gjennom fjoråret vore svært aktive på sponsorfronten, her også i både store og mindre engasjement, alt til gode for å skape levande lokalsamfunn.
Avslutningsvis i 2024 inviterte banken til gratis kino i symjehallane i Aurland, Årdal og Vik, noko som blei veldig godt motteke og bidrog til god folkehelse i ei elles travel tid. Deretter vart det gratis romjulskino for dei minste alle stadane me har kontor, eit superpopulært og inkluderande tiltak for barnefamiliane. Me ser fram til å samarbeide og arrangere fleire samfunnsnyttige arrangement i 2025.
Korrupsjon og antikvitvask (AHV)
Banken skal bekjempe økonomisk kriminalitet på bakgrunn av risikovurderingar og oppfølging av antikvitvaskområdet, mistenkelege transaksjonar og mogelege svindelsaker.
I 2024 blei avdelinga for antikvitvask og svindel auka med to medarbeidarar, noko som har styrka arbeidet. Banken sine rutinar og retningsliner baserer seg på kvitvaskingsloven og tilknytt forskrifter. Våre hovudoppgåver rundt dette er å gjennomføre risikovurderingar, gjennomføre kundekontroll, undersøkje mistenkelege transaksjonar og kundar, samt rapportere mistenkelege transaksjonar til Økokrim. Banken har nulltoleranse for korrupsjon. Det gjeld både internt i organisasjonen, hjå banken sine kundar, i selskap banken investerer i, hjå våre fondsleverandørar og hjå leverandørar til banken sine eigne innkjøp. Opplæring er ein viktig del av arbeidet med AHV, der alle i banken, frå den enkelte rådgjevar til styremedlemar, skal ha kunnskap om AHV ut frå den rolla dei har. Dette er eit område med sterkt fokus frå leiinga og styret.
Svindel – tiltak på fleire frontar
Banken har også eit ansvar for at kundane er med på den digitale utviklinga og dei digitale verktøya banken tilbyr. Eika har sett i verk svindeltiltak, banken har sett i verk internt kompetansehevande tiltak og me informerer kundane både i sosiale media, gjennom media og gjennom møteplassar. Før jul blei det sendt ut julehelsing i posten til ikkje-digitale kundar, der bankvitreglar vart inkludert. Vi jobbar førebyggjande, men er også avgjerande når uhellet har skjedd, kunden har blitt svindla og det er ein kamp mot klokka for å forsøke å stoppe transaksjonane eller få pengane tilbake til kunden. Alle medarbeidarar i banken kan handtere innrapportering av svindelsaker, og svindelteamet sit klare for å forsøke å hjelpe kunden så godt det let seg gjere.
Avslutning
Styret vurderer at resultatrekneskapen og balansen med tilhøyrande notar gjev utfyllande og tilfredsstillande informasjon om verksemda i 2024 og banken si stilling ved årsskiftet. Etter styret si vurdering har det heller ikkje vore hendingar av vesentleg karakter for banken etter utgangen av rekneskapsåret 2024. I samsvar med rekneskapslova stadfestar styret at føresetnaden om framleis drift er til stades.
Framtidsutsikter
Banken har i 2024 oppnådd gode resultat, og skal halde fram med å vere ein nær og synleg medspelar for kundane og lokalsamfunna i Sogn. Dette lukkast me med ved å stimulere til aktivitetar og verdiskaping, og vere ein god partnar for privatkundar og verksemder.
Gjennom Sogn Sparebank sitt gåvefond set me fokus på barn og unge, folkehelse og berekraft og gjev gåver til allmennyttige føremål. Samarbeid er nøkkelen til suksess, og me har alltid ei open dør for lag og organisasjonar, eldsjeler og gode innspel til korleis banken kan bidra til at Sogn vert ein endå betre plass å bu og vekse opp i.
Endringar i bransjen og regulatoriske krav frå myndigheitene skjer i eit høgt tempo, og banken må etterleve dette også framover. God styring av risiko vil også vere eit prioritert område.
Kompetanseutvikling er eit prioritert område i banken for å sikre at Sogn Sparebank er ein attraktiv arbeidsplass for framtida. Banken sitt arbeid med og vidareutvikling av samfunnsansvaret og berekraftsarbeidet vil også vere høgt prioritert i 2025.
Sogn Sparebank har konkurransedyktige digitale løysingar. Me legg i tillegg vekt på lokal tilgjengelegheit og evna til å gi god personleg rådgjeving. Slik møter banken den aukande konkurransen, me er overtydd om at dette er tenester kundane vil ha og som me vil lukkast med.
Takk
Styret vil retta ein stor takk til heile organisasjonen som gjennom 2024 har lagt ned ein stor arbeids-innsats for kundane, for kvarandre og for lokalbanken.
Ein takk også til alle som har bidrege gjennom banken si generalforsamling og andre utval, og ikkje minst alle banken sine kundar og samarbeidspartnarar som støttar opp om Sogn Sparebank.