Banken har i første kvartal 2025 oppnådd gode resultat, og skal halde fram med å vere ein nær og synleg medspelar for kundane og lokalsamfunna i Sogn. Dette lukkast me med ved å stimulere til aktivitetar og verdiskaping, og vere ein god partnar for privatkundar og verksemder.
Gjennom Sogn Sparebank sitt gåvefond set me fokus på barn og unge, folkehelse og berekraft og gjev gåver til allmennyttige føremål. Samarbeid er nøkkelen til suksess, og me har alltid ei open dør for lag og organisasjonar, eldsjeler og gode innspel til korleis banken kan bidra til at Sogn vert ein endå betre plass å bu og vekse opp i.
Me gjer Sogn til ein endå betre plass å bu og vekse opp i.
God styring av risiko er eit prioritert område. Sogn Sparebank er godt kapitalisert og har ein god likviditet ved Q1-2025. På grunnlag av målbiletet for Sogn Sparebank, har styret lagt banken sin strategi. Banken vil halde fram med å styrka drifta, samstundes som me vil jobbe med å auke inntektene.
Rentemarknaden har i 2025 vore stabil, men Noregs Bank har gitt uttrykk for at det er forventa nedgang i styringsrenta mot slutten av 2025. Det er stor usikkerheit om utviklinga av verdsøkonomien i året som kjem. Konfliktsituasjonen i verda, saman med ny administrasjon i USA, kan påverke rentebana også i Noreg.
Sogn Sparebank har ein solid kapitaldekning og god likviditet, og vil også framover være en sutalaus medspelar for våre kundar. Fokus til banken er heile tida å ha god drift og lønnsemd, og jobba til det beste for kundane. Ved å tilby individuell rådgiving innan kreditt, sparing og plassering samt forsikring har banken som mål å finne gode og varige løysingar for kundane.
Det har ikkje førekome hendingar etter utløp av perioden som medfører justeringar av, eller tilleggsopplysningar i rekneskapen eller i notar til rekneskapen.