Pr. 31.03.2025 har banken 6 569 mill. kroner i bruttoutlån som er ein auke på 158 mill. kroner siste 12 månader og som tilsvarar ein vekst på 2,47 %i eigen bank. Lån til personmarknaden utgjer 5 584 mill. kroner, og lån til bedriftsmarknaden utgjer 984 mill. kroner.
I tillegg yter banken 896 mill. kroner i lån til banken sine personkundar via Eika Boligkreditt AS, det er ein auke på 101 mill. kroner, tilsvarande ein vekst på 12,72 % i høve til same tid i fjor.
Total utlånsvekst inklusive Eika Boligkreditt AS ligger på 3,60 % sett mot fjoråret.
Innskot
Pr. 31.03.2025 har banken 6 075 mill. kroner i innskot, som er ein auke på 247 mill. kroner siste 12 månader og som tilsvarar ein vekst på 4,24 %.Innskot frå personmarknaden utgjer 4 282 mill. kroner, og innskot frå bedriftsmarknaden utgjer 1 793 mill. kroner. Innskotsdekninga i banken pr. 31.03.2025 er 92,49 %. Pr. 31.03.2025 har banken ein forvaltningskapital på 8 187,3 mill. kroner, som er ein auke på 440,3 mill. kroner siste 12 månader og som tilsvarar ein vekst på 5,68 %.
Kapitaldekning
Pr. 31.03.2025 var banken si kapitaldekning 26,17 % mot 23,73 % i same periode i 2024. Sogn Sparebank har pr i dag berre rein kjernekapital. Banken si kapitaldekning ligg innanfor alle regulatoriske krav, og resultatet hittil i år er ikkje med i kapitaldekninga.
Etter forholdsmessig konsolidering av Eika Gruppen AS og Eika Boligkreditt AS er rein kjernekapitaldekning på 23,92 %, som er om lag på nivå med fjoråret på 23,79 %.
Banken har fram til 4. kvartal 2024 praktisert å ta eigarandeler i selskap som forholdsmessig konsoliderast inn til frådrag i rein kjernekapital i morbanken. Dette prinsippet har banken endra, i likskap med resten av bankane i Eika alliansen, jf. note 12.
Dotterselskap og tilknytt selskap
Dotterselskap
Sogn Sparebank eig 100 % av Sogn Sparebank Eigedom AS, som eig lokala banken leiger i sentrum av Sogndal., jf. note 3.
Tilknytt selskap
Sogn Sparebank eig 35 % av Sogn Forsikring AS som sel Eika Gruppen AS sine forsikringsprodukt. Selskapet har pr. 31.03.2025 ein tilsett.