Sogn Sparebank har i første kvartal hatt ei god økonomisk utvikling med auka inntekter mot fjoråret. Hovudinntekta til banken kjem frå rentenetto. Rekneskapen for første kvartal 2025 er utarbeidd i samsvar med IFRS. Rekneskapen er presentert i samsvar med IAS 34.
Resultat
Sogn Sparebank legg fram eit resultat før tap på 32,0mill. kroner pr. Q1 2025. Resultat før tap er 3,1mill. kroner betre enn første kvartal 2024.
Rekneskapen til Sogn Sparebank viser at resultatutviklinga frå 2024 held fram. Me opplever at konkurransen på forsikring og banktenester er stor, men opplever likevel god vekst. Det er tilbakeført 1,19 mill. kroner på tap utlån og garantiar hittil i 2025.
Resultat etter skatt gir ein eigenkapitalavkastning pr. 31.03.2025 på 8,57 %.
Totalresultatet er påverka av verdiendring på finansielle eigendelar, hovudsakleg frå Eika Boligkreditt AS og Eika Gruppen AS, som er postar som ikkje vil bli omklassifisert til resultatet. Banken rapporterer eit totalresultat pr. 31.03.2025 på 28,8 mill. kroner etter skatt, ein auke frå 10,5 mill. kroner pr. 31.03.2024.
Eigenkapitalavkastning, resultat etter skatt
8,57 %
Resultat etter skatt
25,2
mill.kroner
Driftsinntekter
Netto renteinntekter er 47,1 mill. kroner, som utgjer 2,33 % av gjennomsnittleg forvaltningskapital (GFK). Tilsvarande tal for første kvartal2024var renteinntekter på 45,6 mill. kroner som var 2,37 %av GFK. Pr. 31.03.2025 var andre ordinære driftsinntekter 6,5 mill. kroner, som utgjer 0,32 %av GFK. Samla utgjer våre driftsinntekter 2,99 %av GFK mot 2,84 %i same periode fjor.
Driftskostnader
Pr. 31.03.2025 var driftskostnadene 28,5 mill. kroner, tilsvarande 1,41 %i høve til GFK, som er 0,07 prosentpoenghøgareenn i fjor. Kostnadsprosenten i prosent av totale inntekter, inklusiv verdipapir, er på 47,13 %mot 47,07 %i same periode fjor. Kostnadsprosenten eksklusiv verdipapir er 53,22 % mot 50,65 % i same periode i 2024.
Forvaltningskapital
8,2
mrd. kroner
Driftskostnader
28,5
mill. kroner
Nedskrivingar på utlån og garantiar
Banken har pr.første kvartaltilbakeført nedskrivingar på utlån og garantiar på 1,19 mill. kroner som er ein nedgang på 4,8 mill. kroner frå i fjor. Det er auka misleghald i personmarknaden der me har god sikring. Det er føreteke mindre justeringar på tidlegare tapsavsette engasjement.
Avkastning på eigenkapitalbevisa
Banken rapporterer eit resultat pr. 31.03.2025 etter berekna skatt på 25,2 mill. kroner, tilsvarande 1,25 %av GFK, mot 0,99 %i same periode i fjor. Dette er om lag som forventa. Eigenkapitalbeviskapitalen har ikkje auka i perioden. Berekna resultat er på 5,04kroner pr. eigenkapitalbevis etter skatt.
Eigenkapitalbevisa i Sogn Sparebank er noterte på Oslo Børs. Kurs pr. 31.03.2025 var kroner 253,70 pr. eigenkapitalbevis.