Styret skal sjå til at Sogn Sparebank har god eigarstyring og selskapsleiing og gje ei samla utgreiing om dette i banken si årsmelding. Banken følgjer Den norske anbefalinga om eigarstyring og selskapsleiing som rettar seg mot aksjeselskap notert på Oslo Børs. Banken etterlever alle vesentlege punkt i nemnte anbefaling.
Føremålet med anbefalinga er at børsnoterte selskap skal ha ein modell for eigarstyring og selskapsleiing som klargjer rolledeling mellom eigarar, styret og dagleg leiing utover det som står i lovgivinga. Vidare er føremålet å styrke tilliten til selskapa og bidra til størst mogeleg verdiskaping over tid, til beste for eigarar, tilsette og andre interessentar.
Verksemda
Sogn Sparebank er ein sjølvstendig, børsnotert lokalbank med eigenkapitalbevis. Banken tilbyr banktenester, forsikring og verdipapirhandel. Marknaden for Sogn Sparebank er små og mellomstore verksemder i Sogn. Innanfor personmarknaden er banken landsdekkande, med fokus på vekstområde og større byar, men Sogn skal vere det prioriterte marknadsområdet. Banken er styrt frå Sogn og i kraft av samfunnsansvaret vårt gjev vi tilbake til Sogn. Kvart år deler vi ut ein del av overskotet i form av gåvemidlar til ålmennyttige tiltak, vi sponsar organiserte aktivitetar for born og unge og vi er ein stor bidragsytar for festivalar og arrangement i vårt område. Vi kjenner lokalmarknaden vår og er ein nær medspelar for kundane våre, i tillegg til å tilby eit komplett produkt- og tenestespekter både for verksemder og privatpersonar.
Sogn Sparebank er registrert og heimehøyrande i Noreg med forretningsadresse Statsråd Evensensveg 8, 6885 Årdalstangen. Med ein desentralisert struktur utan hovudkontor, har banken kontorlokale i Aurland, Lærdal, Vik, Sogndal, Årdalstangen, Øvre Årdal og Bergen.
Sogn Sparebank sitt dotterselskap Sogn Sparebank Eigedom AS utgjer så liten del av balansen at det ikkje vert utarbeida eige konsernrekneskap. Sogn Sparebank Eigedom AS forretningsadresse Statsråd Evensensveg 8, 6885 Årdalstangen. Selskapet Sogn Forsikring AS er tilknytt selskap med forretningsadresse Markeveien 1B, 5012 Bergen.
Føremålet til Sogn Sparebank går fram av vedtektene til banken. Sparebanken har til føremål å fremje sparing ved å ta imot innskot frå ein ubestemt krins av innskytarar, og å forvalte på ein trygg måte dei midlane ein rår over i samsvar med dei lover som gjeld for sparebankar. Banken kan utføre alle vanlege bankforretningar og banktenester i samsvar med gjeldande lovgiving. Sogn Sparebank er totalleverandør av tenester innan områda finansiering, innskot, plassering, betalingsformidling, økonomisk rådgjeving, formueforvaltning og forsikring. Gjennom rådgjeving formidlar rådgjevarane sin kunnskap om berekraftige løysingar og produkt.
Selskapsstruktur og utbyte
Banken skal ha ein eigenkapital som er tilpassa mål, strategi og risikoprofil. Sogn Sparebank hadde pr. 31.12.2025 ein eigenkapital på 1 310,8 mill. Styret har utarbeidd ein tydeleg utbytepolitikk som grunnlag for dei utbyteframlegga som vert fremja for generalforsamlinga. Utbytepolitikken er gjort kjend gjennom årsmeldinga, i banken sine kvartalsrapportar til marknaden og Oslo Børs. Styret si fullmakt til å gjere kapitalforhøging skal avgrensast til definerte føremål. Fullmakta til styret bør ikkje gjevast for eit tidsrom lenger enn fram til neste ordinære møte i generalforsamlinga.
Likehandsaming av aksjonærar og transaksjonar med nærståande
Sogn Sparebank er oppteken av å utvikle eit gjensidig tillitsforhold til dei viktigaste interessegruppene våre. Det vert difor lagt vekt på stor openheit ovanfor interessentane i marknaden, både til dei som yter banken eigenkapital og finansiering, men òg til andre med relasjonar til banken. Alle eigenkapitalbeviseigarane skal handsamast likt, og ha same høve til påverknad. Eigenkapitalsbevisa til banken er sett i ein klasse, og skal vere fritt omsettelege. Einaste avgrensing er lovmessige krav som for tida fastset at erverv av kvalifisert del av eigenkapitalbevisa, 10 % eller meir, krev samtykke frå Finanstilsynet. For å ivareta interessene til eigarane med mindre andelar, er det i vedtektene ei stemmeavgrensing som inneber at ingen på valmøte for eigenkapitalbeviseigarane kan avgje stemme for eigenkapitalbevis som representerer meir enn 10 % av Sogn Sparebank sine totale utferda eigenkapitalbevis. Dersom fortrinnsretten til eksisterande eigenkapitalbeviseigarar vert fråviken ved kapitalhøgdingar, skal det grunngjevast. Banken har retningslinjer som sikrar at styremedlemar og leiande tilsette melder frå til styret dersom dei direkte eller indirekte har ei vesentleg interesse i ein avtale som vert inngått av banken. Styret skal klargjere banken sitt verdigrunnlag, og har i samsvar med dette utforma retningsliner for etikk- og samfunnsansvar. Banken har retningsliner for korleis verksemda integrerer med omverda, her gjeld tilhøve knytt til menneskerettar, arbeidstakarrettar, det ytre miljø, jobbe mot korrupsjon, arbeidsmiljø og for likestilling.
Generalforsamling
Ein sparebank er i utgangspunktet ein sjølvstendig institusjon der styringsstrukturen og samansetninga av styringsorgana skil seg frå aksjeselskapet, jf. § 7 i aksjelova om kva for organ ein sparebank skal ha. Generalforsamlinga er øvste organ i Sogn Sparebank, og er forankra i banken sine vedtekter kapittel 3.
Generalforsamlinga består av 22 medlemer med 11 varamedlemer. Generalforsamlinga er sett saman av fire grupper representantar. 6 medlemer og 3 varamedlemer skal veljast av og blant sparebanken sine kundar, 6 medlemer og 4 varamedlemer skal veljast av kommunane, 5 medlemer og 2 varamedlemer skal veljast av og blant banken sine tilsette, og 5 medlemer og 2 varamedlemer skal veljast av og blant banken sine eigenkapitalbeviseigarane.
Det er generalforsamlinga som fastset banken sine vedtekter, vel styremedlemer, vedtek årsrekneskapen og disponerer årsresultatet. Valnemnda til banken er vedtaksfesta i § 5-1 i banken sine vedtekter. Styret sine medlemar er ikkje ein del av valnemda. I forkant av generalforsamlinga er leiar for valnemnda til stades i styremøte, og valnemnda gjennomfører også individuelle samtalar med styremedlemane. Ei komplett liste over tillitsvalde i Generalforsamlinga er tilgjengeleg i årsmeldinga. Banken sender innkalling til møte i generalforsamlinga seinast 21 dagar før møtet skal haldast. Styremedlemene og revisor vert òg kalla inn til møta, og innkallinga vert børsmeldt. Møta vert leia av leiar i generalforsamlinga, med ein tilsett frå banken i møtesekretariatet. Underskriven møteprotokoll vert oppbevart i eigen protokoll.
Styret, samansetnad og uavhengigheit
Styret er forankra i § 4-1 i banken sine vedtekter, og er sett saman av 5 til 7 medlemer med inntil 7 varamedlemer som skal veljast for 2 år av generalforsamlinga. Tal medlemar og varamedlemer valde av og blant dei tilsette er i samsvar med finansføretakslova.
Eigenkapitalbeviseigarane har 1 representant i styret og 1 varamedlem, innstilt på eigenkapitalbeviseigarane sitt valmøte. Generalforsamlinga vel samla styre, styreleiar og nestleiar for to år. Kriterium for styret sine medlemar er kvalifikasjonar, kjønn, kapasitet, uavhengigheit og at representanten er eigna for vervet. Styret skal setjast saman slik at det vert sett på som uavhengig av den daglege leiinga.
Ein har ikkje sett behovet for å utarbeide eigne retningslinjer for likestilling og mangfald for samansetning av styre, leiing- og kontrollorgan. Dette vert allereie regulert i valinstruks for banken si valnemnd og instruks for valnemnd tilsette. Der kjem det mellom anna fram at det er krav til 40 % kjønnsdeling i styret. Krav til kompetanse, kapasitet og erfaring er også omtala i same instruks.
Styret utarbeider ein møteplan og finansiell kalender. Styret skal ha ei strategidrøfting knytt til mål, strategiar og gjennomføring, minst ein gong i året. Banken har utarbeidd ein eigen styreinstruks. Instruksen til adm. banksjef er godkjend av styre. Styret ser til at banken har god intern kontroll i samsvar med dei føresetnader som gjeld for verksemda, mellom anna banken sitt verdigrunnlag og etiske retningsliner. Styret skal syte for at styremedlemer og leiande tilsette skal gjere selskapet kjend med vesentlege interesser dei måtte ha i saker som styret skal handsama.
Styret har ni til tolv faste møter i året. Styret skal utarbeide risikoprofil for verksemda, i tillegg til at styret sikrar å handsame lovpålagde saker eller handsame saker som vedtektene/mandatet har krav om. Styret skal årleg evaluere mål, strategiar og risikoprofil, og gå gjennom banken sine viktigaste områder og internkontroll. Styret informerer i årsmeldinga om korleis internkontrollen er organisert.
Styret skal i eiga sak vurdere sitt eige arbeid og den samla kompetansen i styret. Godtgjersle til styremedlemene skal fremjast av valnemnda og godkjennast av generalforsamlinga.
Styregodtgjersle vert elles vurdert mot godtgjersle hjå andre samanliknbare selskap, og justert etter dette. Finansføretaklova regulerer kva andre verv styremedlemar kan ta på seg i tillegg til styrevervet i banken. Det vert i årsmeldinga informert om alle godtgjersler til styremedlemene. Dersom det har vore gjeve godtgjersle utover vanleg styrehonorar, skal det spesifiserast. Fastsetting av godtgjersle til adm. banksjef skal gjerast av styret. Samla godtgjersle til adm. banksjef skal gå fram av årsmeldinga.
Det er teikna ansvarsforsikring for medlemmane i banken sitt styre og dagleg leiar i høve deira ansvar ovanfor føretaket og tredjepartar. Forsikringa er teikna i Lockton Companies AS. Forsikringsdekninga gjeld for styre- og leiaransvar, profesjonsansvarsforsikring for finans og kriminalitetsforsikring.
Revisjons- og risikoutval
Banken har etablert eige revisjons- og risikoutval som er forankra i § 4-2 i banken sine vedtekter, og skal veljast av og blant medlemane i styret. Utvalet er også lovpålagt. I 2025 har revisjons- og risikoutvalet vore samansett av 2 medlemer. Revisjons- og risikoutvalet skal samla ha den kompetansen som ut i frå banken sin organisasjon og verksemd er nødvendig for å ivareta oppgåvene sine. Minst eitt av medlemane i revisjons- og risikoutvalet skal vere uavhengig av verksemda og ha kvalifikasjonar innan rekneskap eller revisjon. Styremedlemar som er leiande tilsette, kan ikkje veljast til medlemer av revisjons og risikoutvalet. Oppgåvene til revisjons- og risikoutvalet går fram av vedtektene § 4-2.2:
førebu styret si oppfølging av rekneskapsrapporteringsprosessen
overvake systema for internkontroll og risikostyring, og banken sin internrevisjon om slik funksjon er etablert
ha kontinuerleg kontakt med banken sin valde revisor om slik funksjon er etablert
vurdere og overvake revisor sin uavhengigheit jf. revisorlova kapittel 4, herunder særleg i kva grad andre tenester enn revisjon som er utlevert av revisor eller revisjonsselskapet utgjer ein trussel mot uavhengigheita.
Risikostyring og internkontroll
Ansvaret for risiko og compliance i Sogn Sparebank har i 2025 vorte handtert av to tilsette i banken, som også har andre oppgåver i tillegg. Som følgje av ei omorganisering gjeldande frå 01.02.26 vert ansvaret for risiko og compliance handtert av ein person. Banken har fokus på risiko- og kapitalstyring, og det er ein integrert del av styret sitt arbeid. Konsernet sin overordna risikoeksponering og risikoutvikling vert følgd opp gjennom periodiske risikorapportar til styret.
Banken si risiko- og kapitalstyring er knytt opp mot fire hovudområde:
Operasjonell risiko
Kredittrisiko
Marknadsrisiko
Likviditetsrisiko
Operasjonell risiko
Styret har ansvaret for å initiere ICAAP-prosessen og kapitalplanlegginga i banken, og set mål for eit kapitalnivå som er tilpassa banken sin risikoprofil og forretningsmessige rammevilkår. ICAAP prosessen er ein integrert del av banken si samla risiko- og kapitalstyring. Minst ein gong i året skal ICAAP-prosessen med risikoområda til banken vurderast og handsamast i styret. Dette arbeidet vert vidare lagt fram for revisor for gjennomgang. Adm. banksjef er ansvarleg for at banken si risiko- og kapitalstyring vert følgd opp etter rammer vedtekne av styret. Styret fastset risikoprofilen til banken, gjennom overordna rammer, fullmakter og retningsliner for risikostyring. Styret ser til at banken har ein ansvarleg kapital som er forsvarleg ut frå risikoprofilen til banken og krav frå styresmaktene.
På grunnlag av datamateriell produsert av Tieto Evry og Eika Gruppen AS, utarbeider administrasjonen i banken i samarbeid med Eika Rekneskap og kompetanse finansiell rapportering for Sogn Sparebank. Styret fører tilsyn med at rapporteringa skjer i samsvar med gjeldande lovgiving, rekneskapsstandarar, fastsette rekneskapsprinsipp og etter styret sine retningslinjer. Sogn Sparebank har etablert ein policy for internkontroll som fastset målsetjingar, organisering og gjennomføring av internkontrollarbeidet. Sogn Sparebank skal ha årleg gjennomgang av risiko og internkontroll.
Finansiell informasjon og kommunikasjon
Styret har fastsett retningsliner for rapportering av finansiell og annan informasjon. Retningslinene er basert på openheit og tek omsyn til kravet om likebehandling av aktørane i verdipapirmarknaden og krav til informasjon til eigenkapitalbeviseigarane.
På banken si heimeside og Oslo Børs offentleggjer banken finansiell kalender som inneheld datoar for viktige hendingar som møte i generalforsamlinga, offentleggjering av års- og delårsrapportar og utbetaling av eventuelt utbyte. Informasjon til marknaden elles vert formidla på banken si heimeside, på Oslo Børs og gjennom pressemeldingar.
Det er vedteke eigne retningsliner for tilsette og tillitsvalde i banken som handlar med eigenkapitalbevis.
Sogn Sparebank er ein sjølveigd institusjon som ikkje kan bli overteken av andre gjennom oppkjøp. Pr. 31.12.2025 eig eigenkapitalbeviseigarane 11,84 % av eigenkapitalen i banken. Den resterande delen er sparebanken sitt fond. Ved kjøp av meir enn 10 % av eigenkapitalbevisa i banken, må kjøpar søke løyve frå Finanstilsynet. Ved oppkjøp frå banken si side vert det lagt vekt på å ivareta alle interessene på ein tilfredsstillande måte.
Ekstern revisor
Revisor skal årleg leggje fram for styret og revisjonsutvalet hovudtrekka i ein plan for gjennomføring av revisjonsarbeidet. Revisor deltek i styremøte som handsamar årsrekneskapen. I møta skal revisor gå gjennom eventuelle vesentlege endringar i rekneskapsprinsippa til banken. Dessutan skal revisor vurdere vesentlege rekneskapsestimat, og alle vesentlege forhold der det har vore usemje mellom revisor og administrasjonen. Revisor skal minst ein gong i året gå gjennom internkontrollen i banken med styret og revisjonsutvalet, identifisere svakheiter og kome med forslag til forbetringar. Styret og revisor skal ha minst eitt møte i året utan at Adm. Banksjef eller andre frå den daglege leiinga er til stades. Revisjonsutvalet skal godkjenne bruk av revisor til andre tenester enn revisjon utover det som kjem fram i den årlege revisjonsplanen. Revisjonsplanen vert lagt fram for styret og der kjem det fram kva som er revisjonsarbeid og kva som er anna arbeid. I ordinær generalforsamling skal styret orientere om godtgjersla til revisor, fordelt på revisjon og andre tenester.
Utbytepolitikk
Resultatet i Sogn Sparebank vert delt høvesvis mellom sparebanken sitt fond og eigenkapitalbeviskapitalen. Banken nyttar inngåande balanse for eigenkapitalbevis med tillegg av utjamningsfond ved utrekning av eigenkapitalbevisbrøken. Sogn Sparebank har som mål at minst 50 % av resultatet etter eigenkapitalbevisbrøken vert utbetalt som utbyte, resten vert lagt til utjamningsfondet. Kvart år vurderer styret og generalforsamlinga behov for overføring til gåvefondet.