I ei tid der mange opplever ein strammare økonomi, er det viktig for banken å vere ein tilgjengeleg og ansvarleg samarbeidspartnar. Også i året som har gått har vi vist verdien av ein solid og lokalt forankra sparebank, med nærleik til kundane og god kjennskap til regionen vi er ein del av. Gjennom personleg rådgjeving har vi støtta kundar og lokalt næringsliv, samt familiar og bustadkjøparar i heile marknadsområdet vårt.
Sogn Sparebank leverte i 2025 eit godt resultat, med stabile inntekter, god kostnadskontroll og låge tap. Banken har solid kapitaldekning og god likviditet, noko som gjev eit trygt fundament for vidare drift og utvikling. Vi opplever framleis sterk tillit frå kundane våre, både i privatmarknaden og blant små og mellomstore verksemder i regionen.
Som sparebank har vi eit særleg ansvar for å bidra til levande lokalsamfunn, og for vår del handlar det om å bidra til at Sogn vert ein endå betre stad å bu og vekse opp i. Dette set vi ut i praksis gjennom god rådgjevnad og ansvarleg utlånspraksis, og ved å dele ut støtte til lag, organisasjonar og positive tiltak i lokalmiljøa. I tillegg er vi stolte av vere ein solid kompetansearbeidsplass i regionen, og vi vil vere ein aktiv medspelar i utviklinga av Sogn også framover.
Eg vil rette ei stor takk til dei dyktige medarbeidarane våre forengasjement og innsats gjennom året. Takk òg til kundane våre for tilliten, og til styret for godt samarbeid.
Vi går inn i 2026 med eit realistisk, men positivt syn på framtida. Med solid drift, god risikostyring og sterkt lokalt engasjement skal Sogn Sparebank også framover vere ein trygg og langsiktig bank for kundane i regionen.
Sogn, 19. mars 2026.
Mads Indrehus, Administrerande banksjef Sogn Sparebank