Sogn Sparebank legg fram eit driftsresultat før tap på 142,5 mill. kroner per 31.12.2025. Resultatet før tap er 1,4 mill. kroner betre enn i 2024.
Resultat av ordinær drift etter skatt er på 113,1 mill. kroner pr. 31.12.2025. Banken har pr. 31.12.2025 kostnadsført nedskrivingar på utlån og garantiar med -0,2 mill. kroner. Utviklinga i rekneskapen viser at tap på utlån og garantiar i 2025 har gått ned med 6,4 mill. kroner frå 2024.
Soliditeten målt i form av rein kjernekapitaldekning i banken er på 31,16 % , og banken framstår som ein solid og godt kapitalisert lokalbank. Dette har gitt rom for å gjere framlegg om eit utbyte på 22,00 kroner pr. eigenkapitalbevis, i tråd med utbytepolitikken til banken.
Totalresultatet pr. 31.12.2025 var 154,2 mill. kroner.
Føresetnader for årsrekneskapen
Årsrekneskapen er lagt fram under føresetnad av framleis drift. Styret kjenner ikkje til at det er vesentleg usikkerheit knytt til årsrekneskapen, og kjenner heller ikkje til ekstraordinære tilhøve som har innverknad på vurderinga av banken sitt rekneskap.
International Financial Reporting Standards (IFRS)
Sogn Sparebank legg fram bankrekneskap i samsvar med den internasjonale rekneskapsstandarden International Financial Reporting Standards (IFRS). Rekneskapen viser eitt års samanlikningstal.
Årsresultat
Sogn Sparebank fekk eit resultat før skatt på 142,6 mill. kroner. Driftsresultatet før skatt i 2024 var 134,8 mill. kroner. Eigenkapitalrentabiliteten av totalresultatet etter skatt vart 12,39 % i 2025, mot 8,97 % i rekneskapen for 2024.
Ordinært resultat bankdrift etter skatt for rekneskapsåret vart 113,1 mill. kroner. Tilsvarande tal i rekneskapen for 2024 var 103,8 mill. kroner.
Netto rente- og kredittprovisjonsinntekter
Netto renteinntekter pr. 31.12.2025 var 187,4 mill. kroner. Tilsvarande tal i 2024 var 188,3 mill. kroner. Rentenetto i prosent av gjennomsnittleg forvaltningskapital har gått ned til 2,25 % i 2025 frå 2,35 % i 2024.
Noregs Bank reduserte styringsrenta frå 4,50 prosent til 4,25 i juni 2025, og vidare til 4,00 prosent i september 2025. Sogn Sparebank har, i tråd med denne utviklinga i marknaden, sett ned rentene på både innskot og utlån.
Banken har betalt 3,9 mill. kroner til innskotsgarantifondet og 0,3 mill. kroner til krisehandteringsfondet i 2025. I 2024 vart det betalt 3,2 mill. kroner til innskotsgarantifondet og 0,3 mill. kroner til krisehandteringsfondet.
Netto andre driftsinntekter
Netto andre driftsinntekter i Sogn Sparebank i 2025 utgjorde 69,7 mill. kroner. Tilsvarande tal i rekneskapen for 2024 var 58,3 mill. kroner. Det er i rekneskapen inntektsført 38,4 mill. kroner i netto avkastning på finansielle investeringar i 2025 mot 31,5 mill. kroner i 2024.
Driftskostnader
Samla driftskostnader for Sogn Sparebank vart i 2025 114,7 mill. kroner. Målt mot gjennomsnittleg forvaltningskapital utgjorde driftskostnadene 1,38 % i snitt. Kostnader i prosent av totale inntekter ekskl. kursvinst pr. 31.12.2025 er 52,4 %.
Tapskostnader
Banken har gått gjennom låne- og garantiporteføljen, og vurdert den i samsvar med retningslinjer frå Finanstilsynet.
Sogn Sparebank har pr. 31.12.2025 netto tilbakeført nedskrivingar på utlån og garantiar med 0,2 mill. kroner. Dette er ein nedgang frå 2024 som viste tap på 6,3 mill. kroner. Tapsavsetningane er i all hovudsak knytt til kredittengasjement innan bedriftsmarknaden. Banken gjennomfører fortløpande ein grundig vurdering av utvalde engasjement for å avdekke forventa tap og gjer avsetningar i høve til det. Nærare opplysningar om tap går fram av notar og styret si vurdering under avsnitta kredittrisiko og forventa tapsutvikling.
Verdipapir ført over andre inntekter og kostnadar er investeringar gjort med strategisk karakter. Dei største postane over andre inntekter og kostnadar er Norway Best Group AS, Eika Gruppen AS og Eika Boligkreditt AS. Samla verdi på aksjane over andre inntekter og kostnadar har hatt ein verdiauke på 39,2 MNOK i 2025, mot ein verdireduksjon på 1,8 MNOK i 2024. Sjå note 28. Desse aksjane blir ikkje omsett i ein aktiv marknad, og verdivurderinga av aksjane er basert på emisjons- og omsetningskursar, samt banken sine eigne vurderingar.
Disponering av årsresultatet
Styret vil på generalforsamlinga 15. april 2026 tilrå generalforsamlinga å disponera årsresultatet 2025 som følgjer.
Disponering av årsresultat
Årsresultat etter skatt
113 067
Utbyte EK-bevis
13 915
Utjamningsfond
388
Gåvefond
79 011
Sparebanken sitt fond
19 753
Styret vil tilrå generalforsamlinga å betala ut 22,00 kroner i utbyte pr. eigenkapitalbevis for 2025.
Resultatet i Sogn Sparebank vert delt høvesvis mellom sparebanken sitt fond og eigenkapital-beviskapitalen. Banken nyttar inngåande balanse for eigenkapitalbevis med tillegg av utjamningsfond ved utrekning av eigenkapitalbevisbrøken. Sogn Sparebank har som mål at minst 50 % av resultatet etter eigenkapitalbevisbrøken vert utbetalt som utbyte, resten vert lagt til utjamningsfondet. Kvart år vurderer styret og generalforsamlinga behov for overføring til gåvefondet.
Balansen
Forvaltningskapital
Ved utgangen av 2025 var forvaltningskapitalen i Sogn Sparebank 8,3 milliardar kroner. I 2024 var den 8,2 milliardar. Vert det teke omsyn til at banken har formidla lån gjennom Eika Boligkreditt AS på til saman 1,0 milliardar kroner, er forvaltningskapitalen pr. 31.12.2025 9,3 milliardar kroner.
Innskot
Innskota i Sogn Sparebank pr. 31.12.2025 var 6,3 milliardar kroner, ein auke på 232,4 millionar samanlikna med rekneskapen pr. 31.12.2024. Innskot frå personkundar var 4,5 milliardar kroner, medan innskot frå næringslivskundar var 1,9 milliardar kroner. Innskotsdekninga i morbank pr. 31.12.2025 var 93,9 %.
Utlån
Ved utgangen av 2025 var brutto utlån til kundar 6,8 milliardar kroner, det er ein liten auke i høve rekneskapen 2024. Brutto utlån frå personkundar i banken var 5,8 milliardar kroner, medan brutto utlån til næringslivskundar var 1,0 milliardar kroner. I tillegg formidla konsernet 1,0 milliardar kroner i lån til banken sine personkundar via Eika Boligkreditt AS.
Verdipapir
Verdien på banken sine verdipapir til verkeleg verdi over resultatet var ved årsskiftet 381 mill. kroner. Verdipapir til verkeleg verdi over andre inntekter og kostnadar var 379 mill. kroner.
Soliditet
Etter overskotsdisponering for 2025, utgjer eigenkapitalen til banken 1 310,8 mill. kroner pr. 31.12.2025.
Kapitaldekning
Pr. 31.12.2025 var banken si kapitaldekning 31,16 % mot 26,56 % i høve same periode i fjor. Rein kjernekapitaldekning i banken var 31,16 % pr. 31.12.2025 mot 26,56 % pr. 31.12.2024. Banken si kapitaldekning ligg godt innanfor alle regulatoriske krav. Pr. 31.12.2025 gir forholdsmessig konsolidering av Eika Gruppen AS, Eika Boligkreditt AS og Kredittbanken ASA ei konsolidert kapitaldekning på 28,99 %. Rein konsolidert kjernekapitaldekning var 24,57 % pr. 31.12.2024.