Sogn Sparebank ynskjer å bidra til at Sogn blir ein endå betre stad å bu og vekse opp i. Vi skal vere ein pådrivar for berekraftig vekst, utvikling og omstilling for kundar og lokalsamfunn. Arbeidet er forankra i policy for samfunnsansvar og berekraft og overordna berekraftsstrategi.
Styret har ansvaret for å vedta mål og strategiar for banken sitt berekraftsarbeid, og evaluere tiltaka minst ein gong årleg. Leiinga har ansvaret for å forankre og etablere berekraftstrategien i banken. Berekraftsansvarleg har ansvar for intern og ekstern berekraftsrapportering, samt koordinering av berekraftsarbeidet i banken.
Felles frivillig rapporteringsstandard og klimaambisjon
Då EU i 2025 heva terskelverdiane for rapporteringsplikt, fall bankane i alliansen utanfor kravområdet. CSRD-prosjektet vart derfor avvikla, men mykje av arbeidet blir vidareført. Eika har valt VSME, Voluntary Sustainability Reporting Standard for SMEs – frivillig berekraftsrapportering for små og mellomstore verksemder, som felles frivillig rapporteringsstandard – i tråd med oppmodinga frå Finanstilsynet. Dette sikrar sams struktur, god kvalitet og eit nivå som er tilpassa lokalbankane i Eika. Reguleringane rettar seg i aukande grad mot risikostyring. Difor har Eika etablert eit felles prosjekt som skal hjelpe bankane med å møte nye krav i CRD6/CRR3. Dette gir bankane felles metodikk, malar og rettleiing – og sikrar at ESG-risiko blir handtert på ein strukturert og dokumenterbar måte. Sogn Sparebank har slutta seg til dei felles rapporteringsstandardane frå Eika.
Sogn Sparebank står også saman med dei andre bankane i Eika Alliansen om ei felles klimaambisjon. Denne set retning for klimaarbeidet vårt og hjelper oss å prioritere tiltak, følgje opp utviklinga og bidra til ei trygg og gradvis omstilling mot netto null i 2050. Banken har starta opp arbeidet med å bli miljøfyrtårnsertifisert, dette arbeidet held fram i 2026.
Utvalde berekraftsmål
Berekraft handlar om å ta vare på dei ressursane vi har tilgjengeleg, og forvalte dei på best mogeleg vis til komande generasjonar. Dette er viktig som arbeidsgivar, finansinstitusjon og lokalbank som er oppteken av levande lokalsamfunn.
Banken har definert fire områder der vi særleg kan påverke:Break Bet PDF: Avoid Page Break Between
Likestilling, mangfald og kunnskapsutvikling
Moglegheitene i banken skal vere like, uavhengig av alder, etnisitet, nasjonalt opphav, kjønn, avstamming, hudfarge, religion, legning, livssyn eller funksjonsevne. Banken godtek ikkje nokon form for verbal, psykisk, fysisk eller seksuell trakassering. Kvinner og menn skal ha like moglegheiter for å kvalifisere seg til alle typar oppgåver, og karrieremoglegheitene skal vere dei same. Banken har nulltoleranse for diskriminering og har fokus på at kompetanse skal vere toneangivande.
Banken har signert «Kvinner i finans charter», som har som mål å auke kvinneandelen i leiande posisjonar i finansnæringa i Noreg. Banken har satt seg mål om femti prosent kvinneandel i leiar- og ansvarsstillingar i banken. For Sogn Sparebank er det kompetansen som er det avgjerande, og ikkje kva kjønn ein har. Likevel vil leiinga oppmuntre og legge til rette for at fleire kvinner rekk opp handa og tek ansvar. For å få til dette er det viktig med gode førebilete. Gjennom 2025 har endå fleire kvinner i organisasjonen teke på seg spesialist- og ansvarsrollar. Kompetanseutvikling er eit fast punkt i medarbeidarsamtalen. Det er viktig for banken med god kjønnsdeling, aldersfordeling og mangfald i organisasjonen. Vi har folk i ulike aldrar og livssituasjon, god kjønnsfordeling og variasjon i alder frå 23 til 68 år, og gjennomsnittsalderen er 45 år. Leiargruppa i banken består av 2 kvinner og 3 menn, 3 av 5 teamleiarar er kvinner.
Anstendig arbeid og økonomisk vekst
Til saman er det utført 43,2 årsverk i 2025, fordelt på 46 tilsette. Det er tilsett 5 nye medarbeidarar i året som har gått.
Banken set sterkt fokus på å ha eit solid verdigrunnlag som seier noko om korleis vi skal ha det saman på jobb. For oss er det viktig å vere ein nær, sutalaus medspelar både mot kvarandre, kundar og mot samfunnet. Medverknad er ein føresetnad for eit godt arbeidsmiljø og kvar og ein av medspelarane har ansvar for å bidra til trivsel både for seg sjølv og andre.
Teams og digitale møtepunkt er vårt viktigaste arbeidsverktøy og ein naturleg del av arbeidskvardagen, samstundes som det er eit positivt supplement med fysiske samlingar for å bli endå betre kjende og kjenne på samhald. Banken nyttar mykje ressursar for å legge til rette for faglege og sosiale samlingar på tvers av kontor og team. Styret er opptekne av eit godt arbeidsmiljø, og leiinga i banken vil halde fram med å prioritere dette arbeidet.
Sogn Sparebank legg stor vekt på tett og trygg oppfølging av medspelarane våre. Gjennom strukturert oppfølging, nærleik til kvar enkelt og målretta kompetansebygging skapar vi ein trygg og inkluderande og sutalaus arbeidsplass. Vi vil halde fram med dette.
2025 har vore eit viktig år i høve å sette retning og strategi for banken framover. Innan kvart strategiområde har vi jobba i grupper på tvers av organisasjonen for å få fram det beste i alle ledd. Som følgje av høg involveringsgrad på tvers av nivå og funksjonar i banken, står vi att med ein konkret og målbar strategi som alle kan kjenne seg att i.
Det har vore ei positiv utvikling i sjukefråværet som i 2025 var på 4,91 %mot8,47 %året før. Vi har også tilbod om helseforsikring til alle tilsette, og vi ser at det er til gunst både for arbeidsgjevar og arbeidstakar. Det er ikkje rapportert om skadar eller ulukker i samband med arbeidet. Banken har internkontrollsystem for helse, miljø og sikkerheit. Vernerunde blir gjennomført og fylgt opp årleg og gjennomfører arbeidsmiljøutvalsmøter saman med tillitsvalde og verneombod.
Frå 1. januar 2026 er arbeidsmiljølova tydelegare på at psykisk helse skal vernast like godt som fysisk helse. Sogn Sparebank har over tid styrkt arbeidet med både førebygging, oppfølging og systematisk HMS for å sikre eit fullt forsvarleg arbeidsmiljø. Vi prioriterer ein trygg, inkluderande og utviklande arbeidsplass der open dialog, tett medarbeidaroppfølging og felles kulturbygging gir gode rammer for både helse, trivsel og fagleg vekst.
Banken vil rapportere i tråd med lovkrava for openheitslova innan fristen 30. juni 2026. Openheitslova skal fremje verksemder si respekt for grunnleggjande menneskerettar og anstendige arbeidsforhold i samband med produksjon av varer og levering av tenester. Lova skal også sikre ålmenta tilgang til informasjon om korleis verksemder handterer negative konsekvensar for grunnleggjande menneskerettar og anstendige arbeidsforhold. Rapporten vil bli publisert på banken si heimeside under menypunktet investorinformasjon og rapportar.
Kompetanse og kunnskapsformidling
Banken er ei kompetansebedrift og bidreg til kompetansearbeidsplassar i distriktet. Gjennom banken sin bedriftsavtale, utarbeida i samarbeid med dei tillitsvalde, er det gode mogelegheiter for kompetansehevande tiltak for alle tilsette. Det er ein ressurs å ha folk som ynskjer å heve eigen kompetanse, som igjen gagnar kundar og lokalsamfunn. Vi har fokus på å informere og forklare kva moglegheiter som finst for dei tilsette i banken, både i rekrutteringsprosessar og med jamne mellomrom i organisasjonen generelt. Kompetanseutvikling i Eika Skulen er også med å sikre god miljøleiing og berekraftige val i eigne organisasjonar og ovanfor leverandørar og samarbeidspartnarar.
Rekrutteringsprosessen er eit kontinuerleg arbeid i kampen om dei rette hovuda. Når banken kan vise til gode resultat og nøgde medarbeidarar, godt engasjement i sosiale media, positive medieoppslag og gode kundeopplevingar, då er sjansane større for at ein også tiltrekk seg gode folk når det er behov for det. Dette er noko vi jobbar målretta for gjennom heile året.
Rådgjevar er ofte ein sparringspartnar for kunden og vi har høve til å bidra til meir berekraftig åtferd hjå kundane gjennom å formidle kunnskap om temaet og gje gode råd i dialogen med privat- og næringskundar. Vurdering av ESG-kriteria er ein naturleg del av alle kredittsaker.
Banken kan også tilby berekraftige produkt til kundane, og framover skal vi jobbe med å utvide produktsortimentet på grøne produkt. Eika Kredittbank sine smålån vert tilbydde og marknadsført som produkt du kan nytte til oppussing og refinansiering. Eika Kapitalforvalting sine retningsliner gjer at spareprodukta som banken tilbyr via Eika, oppfyller strenge krav til samfunnsansvar, berekraft, etikk og openheit.
Korrupsjon og antikvitvask (AHV)
Banken skal bekjempe økonomisk kriminalitet på bakgrunn av risikovurderingar og oppfølging av antikvitvaskområdet, mistenkelege transaksjonar og mogelege svindelsaker.
Banken sine rutinar og retningsliner baserer seg på kvitvaskingsloven og tilknytt forskrifter. Våre hovudoppgåver rundt dette er å gjennomføre risikovurderingar, gjennomføre kundekontroll, undersøkje mistenkelege transaksjonar og kundar, samt rapportere mistenkelege transaksjonar til Økokrim. Banken har nulltoleranse for korrupsjon. Det gjeld både internt i organisasjonen, hjå banken sine kundar, i selskap banken investerer i, hjå våre fondsleverandørar og hjå leverandørar til banken sine eigne innkjøp. Opplæring er ein viktig del av arbeidet med AHV, der alle i banken, frå den enkelte rådgjevar til styremedlemar, skal ha kunnskap om AHV ut frå den rolla dei har. Dette er eit område med sterkt fokus frå leiinga og styret.
Svindel – tiltak på fleire frontar
Banken har også eit ansvar for at kundane er med på den digitale utviklinga og dei digitale verktøya banken tilbyr. Eika har sett i verk svindeltiltak, banken har sett i verk internt kompetansehevande tiltak og vi informerer kundane både i sosiale media, gjennom media og gjennom møteplassar.
For å bidra til tryggare kvardagsøkonomi i lokalsamfunnet vårt har svindelteamet reist rundt i Sogn og møtt pensjonistmiljøet. Der har dei delt praktiske råd om korleis ein kan kjenne att svindelforsøk og verne seg mot uønskt aktivitet på nett og telefon.
Vi opplever at mange ønskjer oppdatert og lettfatteleg informasjon i eit stadig meir digitalt banklandskap, og desse møta har gitt oss gode samtalar og nyttige tilbakemeldingar. Det gir oss samstundes høve til å lære meir om kva som skapar tryggleik for kundane våre – uansett alder og digital erfaring.
Vi jobbar førebyggjande, men er også avgjerande når uhellet har skjedd, kunden har blitt svindla og det er ein kamp mot klokka for å forsøke å stoppe transaksjonane eller få pengane tilbake til kunden. Alle medarbeidarar i banken kan handtere innrapportering av svindelsaker, og svindelteamet sit klare for å forsøke å hjelpe kunden så godt det let seg gjere.
Personleg økonomi ut i skulane
Gjennom føredraget Personleg økonomi har medspelarar frå Sogn Sparebank reist rundt til skular i regionen for å gi elevar ei praktisk og forståeleg innføring i korleis dei kan ta smarte val i kvardagsøkonomien. Målet er å styrkje økonomiforståing blant unge og gi dei eit tryggare grunnlag før dei tek steget inn i vaksenlivet. Tilbakemeldingane har vore udelt positive og vi er klare for ein ny runde i 2026 der vi besøker endå fleire skular enn sist.
Berekraftige byar og lokalsamfunn
Vi er stolte av å vere på lag med lokalsamfunna – det vil seie å samarbeide tett med dei vi har rundt oss, inkludert lag, organisasjonar, bedrifter og offentlege aktørar. Gjennom tett samarbeid skal vi bidra til å gjere Sogn til ein betre stad å bu og vekse opp i.
I retningslinjene for gåvefondet til banken er berekraft, folkehelse og barn og unge er i fokus, og vil få særleg merksemd. Gåvemidlane skal skape verdiar og hjelpe lag og organisasjonar til å gjennomføre idear og tiltak som kjem flest mogleg til gode og skapar gode møteplassar. I 2025 vart 8,8 mill. kroner gitt i gåve til allmennyttige føremål. Gåvemidlar som ikkje er nytta i 2025, er øyremerka seinare gåvetidelingar. Mottakarane av gåvemidlar har eit stort spenn frå innkjøp av notestativ til det lokale spelemannslaget, via gratis bading for ungdom i utebasseng om sommaren og etablering av pumptrack, til finansiell støtte for at alle borna på laget skal få lov til å delta på årets høgdepunkt - fotballcupen. Avslutningsvis i 2025 inviterte banken til gratis nyttårskino, med stor oppslutnad.
Diagrammet nedanfor viser kor stor del av gåvemidlane som fell inn under dei ulike ESG-kriteria (E – miljø, S – sosiale forhold, G – styring). Nokre tiltak banken støttar, bidreg til fleire av desse kriteria samstundes – til dømes kan eit prosjekt både ha ein positiv miljøeffekt og samtidig styrkje sosiale møteplassar. Når ei og same gåve blir registrert under fleire kategoriar, vil ho dermed telje med i fleire av søylene i diagrammet. Dette betyr at summen av alle kategoriane ikkje nødvendigvis vil samsvare med den totale mengda utdelte gåvemidlar.
Kort forklart: Éi gåve kan ha fleire berekraftsdimensjonar, og derfor overstig kategorisummeringa den faktiske totalen.
Trufast sponsor for barn og unge
Sogn Sparebank har eit sterkt og langsiktig engasjement for barn og unge i heile Sogn. Kvart år støttar vi ei rekkje aktivitetar, lag og tiltak som skapar gode arenaer for meistring, fellesskap og inkludering. Gjennom sponsoravtalar bidreg banken til at barn og unge får moglegheit til å delta i idrett, kultur, friluftsliv og andre aktivitetar. Målet er å styrkje lokalsamfunna våre ved å gi flest mogleg trygge, utviklande og aktive og meiningsfylte kvardagar.
I 2025 har vi også vidareført transportavtalen med ViteMeir som sikrar at alle barnehage- og skuleborn på sørsida av Sognefjorden får besøke senteret. Avtalen gjer det mogleg for barn og unge å få tilgang til viktig læring, utforsking og kunnskapsformidling uavhengig av reiseavstand. Slik bidreg banken til å styrkje kompetanse, nysgjerrigheit og læringsglede lokalt – og til å gje fleire barn like moglegheiter.
Lokale kontor
Som allereie nemnt har banken ein desentralisert struktur med 7 kontor. Å vere lokalt tilstades og ha tilgjengeleg kompetanse i nærområdet meiner vi styrker samfunnsstrukturen i regionen. Banken eig i tillegg ein del av kontorbygga sine, og i 2025 har vi helde fram med å fornye og energieffektivisere bygningsmassen. Vi har gjennomført ei omfattande oppgradering av Vikjatunet i Vik, der banken har kontor. Prosjektet har gitt moderne og funksjonelle lokale som styrkjer både tilgjenge og kundeoppleving. I renoveringa har vi lagt stor vekt på å plasseffektivisering og samlokalisering med andre selskap. Resultatet er eit framtidsretta og meir kundevennleg kontor for både kundar og tilsette. I tillegg er vi samlokalisert med andre selskap og det er gledeleg å sjå at det er meir aktivitet i omkringliggande kontorlokale enn tidlegare.
Samarbeid
Sogn Sparebank trur på krafta som ligg i samarbeid. Gjennom året tok banken initiativ til fleire gründerretta tiltak som pitchkonkurransen Sognapitch som over tid har funne sin form under Næringskonferansen i Flåm. Dette er utarbeida og gjennomført i tett samarbeid med Kunnskapsparken Vestland.
I november var banken med å arrangerte Gründerkveld i samarbeid med Årdal Utvikling og Kunnskapsparken Vestland. Vi trur på samarbeid for å få til utvikling og gode møteplassar i Sogn, og det vil vi jobbe med også framover.
Gjennom året har vi også stilt opp på fleire arrangement med stand og lykkehjul og delteke i ulike næringsforum i regionen. Desse partnarskapa gir oss verdifull innsikt, aukar gjennomslagskrafta til lokale initiativ og gjer at vi saman kan skape eit sterkare, meir berekraftig og levande lokalsamfunn.
Avslutning
Styret vurderer at resultatrekneskapen og balansen med tilhøyrande notar gjev utfyllande og tilfredsstillande informasjon om verksemda i 2025 og banken si stilling ved årsskiftet. Etter styret si vurdering har det heller ikkje vore hendingar av vesentleg karakter for banken etter utgangen av rekneskapsåret 2025. I samsvar med rekneskapslova stadfestar styret at føresetnaden om framleis drift er til stades.
Framtidsutsikter
Banken har i 2025 oppnådd gode resultat, og skal halde fram med å vere ein nær og synleg medspelar for kundane og lokalsamfunna i Sogn. Dette lukkast vi med ved å stimulere til aktivitetar og verdiskaping, og vere ein god partnar for privatkundar og verksemder
Framover skal banken jobbe for ein berekraftig og ansvarleg vekst, forankra i banken sitt samfunnsoppdrag og lokale rolle. Banken vil jobbe for å auke marknadsdelen i våre kjerneområde og utforske nye marknadssegment der det er naturleg.
Banken skal tilpasse seg endringar i marknad og teknologi, og utvikle og tilby relevante, framtidsretta produkt og tenester for kundar i alle livsfasar. Endringar i bransjen og regulatoriske krav frå myndigheitene skjer i eit høgt tempo, og banken skal vere proaktive i møte med nye krav og forventningar.
God styring av risiko vil alltid vere eit prioritert område. Kompetanseutvikling er eit prioritert område i banken for å sikre at Sogn Sparebank er ein attraktiv arbeidsplass for framtida.
Takk
Styret vil retta ein stor takk til heile organisasjonen som gjennom 2025 har lagt ned ein stor arbeids-innsats for kundane, for kvarandre og for lokalbanken.
Ein takk også til alle som har bidrege gjennom banken si generalforsamling og andre utval, og ikkje minst alle banken sine kundar og samarbeidspartnarar som støttar opp om Sogn Sparebank.