2025 vart året der norsk økonomi fann tilbake til eit meir normalt vekstnivå. Fastlands-BNP auka med 1,7 prosent, medan arbeidsløysa steig noko til 4,5 prosent. Registrerte ledige hjå NAV auka derimot berre svakt til 2,1 prosent.
Året synte store skilnader mellom næringane. Oljeleverandørindustrien fekk kanskje sitt siste sterke toppår, medan bustadmarknaden framleis var dempa. Industriproduksjonen steig, men er venta å få svakare utvikling framover når oljeinvesteringane fell og bustadbygginga ikkje tek seg opp igjen.
Lønsveksten nådde ein topp på 5,6 prosent i 2025, og for andre året på rad fekk folk ei reell lønsauke. Inflasjonen låg på 3,1 prosent – same som året før. Framover er det venta at inflasjonen fell, og at realløna held fram å stige moderat.
Bustadprisane steig med 5,5 prosent på landsbasis, med store regionvise skilnader. Kredittveksten var moderat både for hushald og verksemder. Norges Bank gjennomførte to rentekutt i 2025, og gjennomsnittleg rentenivå for nye bustadlån ved årsskiftet låg på rundt 5,1 prosent. Forutsett at kronekursen held seg stabil, er det venta berre få og ujamne rentekutt frå Norges Bank framover.
Konkurstala fall svakt i 2025. Bygg- og eigedomssektoren er venta å halde fram med utfordringar, medan vekst i privat konsum kan styrkje lønsemda i tenestenæringane. Geopolitisk uro prega også 2025, med endringar i dei globale systema som har styrt internasjonal finans, handel og geopolitikk. Geopolitisk uro vil kunne påverke utsiktene framover. Varsamheit og god styring er truleg klokt i året som kjem.