Pr. 30.09.2025 har banken 6 693,4 mill. kroner i bruttoutlån som er ein auke på 171,3 mill. kroner siste 12 månader og som svarar til ein vekst på 2,63 %i eigen bank. Lån til personmarknaden utgjer 5 733,4 mill. kroner, og lån til bedriftsmarknaden utgjer 960,0 mill. kroner.
I tillegg yter banken 973,9 mill. kroner i lån til banken sine personkundar via Eika Boligkreditt AS, det er ein auke på 71,7 mill. kroner, tilsvarande ein vekst på 7,95 % i høve til same tid i fjor.
Total utlånsvekst inklusive Eika Boligkreditt AS ligger på 3,27 % sett mot fjoråret.
Innskot
Pr. 30.09.2025 har banken 6 384,6 mill. kroner i innskot, som er ein auke på 307,4 mill. kroner siste 12 månader og som svarar til ein vekst på 5,06 %.Innskot frå personmarknaden utgjer 4 446,9 mill. kroner, og innskot frå bedriftsmarknaden utgjer 1 937,7 mill. kroner. Innskotsdekninga i banken pr. 30.09.2025 er 95,39 %. Pr. 30.09.2025 har banken ein forvaltningskapital på 8 292,7 mill. kroner, som er ein auke på 128,0 mill. kroner siste 12 månader og som svarar til ein vekst på 1,57 %.
Kapitaldekning
CRR3 ble innført i Norge fra 1. april 2025. Endringene fra regelverket for standardmetoden innebærer mer risikosensitive risikovekter enn i CRR2, særlig for lån med pant i eiendom, der belåningsgrad og verdsettelsesprinsipper får større betydning. Dette påvirker beregnet kapitalkrav og kapitaldekning positiv, jf. Note 12.
Pr. 30.09.2025 var banken si kapitaldekning 28,49 % mot 22,84 % i same periode i 2024. Sogn Sparebank har pr i dag berre rein kjernekapital. Banken si kapitaldekning ligg innanfor alle regulatoriske krav, og resultatet hittil i år er ikkje med i kapitaldekninga.
Etter forholdsmessig konsolidering av Eika Gruppen AS og Eika Boligkreditt AS er rein kjernekapitaldekning på 26,13 %, mot 23,16 % i same periode i fjor.
Banken har fram til 4. kvartal 2024 praktisert å ta eigarandeler i selskap som forholdsmessig konsoliderast inn til frådrag i rein kjernekapital i morbanken. Dette prinsippet har banken endra, i likskap med resten av bankane i Eika alliansen, jf. note 12.
I oktober 2025 mottok banken endeleg vedtak om pilar 2-krav frå Finanstilsynet. Finanstilsynets vurdering var at Sogn Sparebank har et foretaksspesifikt kapitalkrav som utgjer minst 2,1 % av det konsoliderte berekningsgrunnlaget etter finansforetaksloven § 14-2, tidlegare var kravet på 3,0 %. Minst 56,25 % av kravet skal dekkes av ren kjernekapital, mens 75 % må dekkes av kjernekapital. Vedtaket trer i kraft frå 31. oktober 2025.
Dotterselskap og tilknytt selskap
Dotterselskap
Sogn Sparebank eig 100 % av Sogn Sparebank Eigedom AS, som eig lokala banken leiger i sentrum av Sogndal., jf. note 3.
Tilknytt selskap
Sogn Sparebank eig 35 % av Sogn Forsikring AS som sel Eika Gruppen AS sine forsikringsprodukt. Selskapet har pr. 30.09.2025 ein tilsett.