Pr. 30.06.2025 har banken 6 650 mill. kroner i bruttoutlån som er ein auke på 79 mill. kroner siste 12 månader og som svarar til ein vekst på 1,21 %i eigen bank. Lån til personmarknaden utgjer 5 676 mill. kroner, og lån til bedriftsmarknaden utgjer 973 mill. kroner.
I tillegg yter banken 933 mill. kroner i lån til banken sine personkundar via Eika Boligkreditt AS, det er ein auke på 71 mill. kroner, tilsvarande ein vekst på 8,20 % i høve til same tid i fjor.
Total utlånsvekst inklusive Eika Boligkreditt AS ligger på 2,02 % sett mot fjoråret.
Innskot
Pr. 30.06.2025 har banken 6 382 mill. kroner i innskot, som er ein auke på 221 mill. kroner siste 12 månader og som svarar til ein vekst på 3,59 %.Innskot frå personmarknaden utgjer 4 480 mill. kroner, og innskot frå bedriftsmarknaden utgjer 1 901 mill. kroner. Innskotsdekninga i banken pr. 30.06.2025 er 95,97 %. Pr. 30.06.2025 har banken ein forvaltningskapital på 8 442,9 mill. kroner, som er ein auke på 348,0 mill. kroner siste 12 månader og som svarar til ein vekst på 4,30 %.
Kapitaldekning
Pr. 30.06.2025 var banken si kapitaldekning 28,60 % mot 22,90 % i same periode i 2024. Sogn Sparebank har pr i dag berre rein kjernekapital. Banken si kapitaldekning ligg innanfor alle regulatoriske krav, og resultatet hittil i år er ikkje med i kapitaldekninga.
Etter forholdsmessig konsolidering av Eika Gruppen AS og Eika Boligkreditt AS er rein kjernekapitaldekning på 26,43 %, som er om lag på nivå med fjoråret på 23,48 %.
Banken har fram til 4. kvartal 2024 praktisert å ta eigarandeler i selskap som forholdsmessig konsoliderast inn til frådrag i rein kjernekapital i morbanken. Dette prinsippet har banken endra, i likskap med resten av bankane i Eika alliansen, jf. note 12.
Dotterselskap og tilknytt selskap
Dotterselskap
Sogn Sparebank eig 100 % av Sogn Sparebank Eigedom AS, som eig lokala banken leiger i sentrum av Sogndal., jf. note 3.
Tilknytt selskap
Sogn Sparebank eig 35 % av Sogn Forsikring AS som sel Eika Gruppen AS sine forsikringsprodukt. Selskapet har pr. 30.06.2025 ein tilsett.