Pr. 30.06.2026 har banken 7 122,9 mill. kroner i bruttoutlån som er ein auke på 473,3 mill. kroner siste 12 månader og som svarar til ein vekst på 7,12 %i eigen bank. Lån til personmarknaden utgjer 6 166,7 mill. kroner, og lån til bedriftsmarknaden utgjer 956,2 mill. kroner.
I tillegg yter banken 914,2 mill. kroner i lån til banken sine personkundar via Eika Boligkreditt AS, det er ein nedgang på 18,9 mill. kroner, tilsvarande ein nedgang på 2,03 % i høve til same tid i fjor.
Total utlånsvekst inklusive Eika Boligkreditt AS ligg på 5,99 % sett mot fjoråret.
Innskot
Pr. 30.06.2026 har banken 6 599,1 mill. kroner i innskot, som er ein auke på 217,5 mill. kroner siste 12 månader og som svarar til ein vekst på 3,41 %.Innskot frå personmarknaden utgjer 4 741,9 mill. kroner, og innskot frå bedriftsmarknaden utgjer 1 857,1 mill. kroner. Innskotsdekninga i banken pr. 30.06.2026 er 92,65 %. Pr. 30.06.2026 har banken ein forvaltningskapital på 8 707,4 mill. kroner, som er ein auke på 264,5 mill. kroner siste 12 månader og som svarar til ein vekst på 3,13 %.
Kapitaldekning
Pr. 30.06.2026 var banken si kapitaldekning 29,59 % mot 28,60 % i same periode i 2025. Sogn Sparebank har pr i dag berre rein kjernekapital. Banken si kapitaldekning ligg innanfor alle regulatoriske krav, og resultatet hittil i år er ikkje med i kapitaldekninga.
Etter forholdsmessig konsolidering av Eika Gruppen AS og Eika Boligkreditt AS er rein kjernekapitaldekning på 27,26 %, mot fjoråret på 26,43 %.
Banken har fram til 4. kvartal 2024 praktisert å ta eigarandeler i selskap som forholdsmessig konsoliderast inn til frådrag i rein kjernekapital i morbanken. Dette prinsippet har banken endra, i likskap med resten av bankane i Eika alliansen, jf. note 12.
Dotterselskap og tilknytt selskap
Dotterselskap
Sogn Sparebank eig 100 % av Sogn Sparebank Eigedom AS, som eig lokala banken leiger i sentrum av Sogndal, jf. note 3.
Sogn Sparebank eig 100 % av Sogn Forsikring AS. Selskapet selde tidlegare Eika Gruppen AS sine forsikringsprodukt. Denne verksemda er no vidareført i Sogn Sparebank, og selskapet er under avvikling, jf. note 3.