Sogn Sparebank si økonomiske utvikling i andre kvartal 2026 er i tråd med banken sine forventningar.
Hovudinntekta til banken kjem frå rentenetto. Rekneskapen for andre kvartal 2026 er utarbeidd i samsvar med IFRS. Rekneskapen er presentert i samsvar med IAS 34.
Glade gåvemottakarar i Aurland.
Nokre av gåvemottakarane i Lærdal, under utdeling på Lærdalsmarknaden.
Resultat
Sogn Sparebank legg fram eit resultat før tap på 70,8mill. kroner pr. Q2 2026. Resultat før tap er 2,5mill. kroner lågare enn andre kvartal 2025.
Rekneskapen til Sogn Sparebank viser at resultatutviklinga frå 2025 held fram. Banken opplever at konkurransen på forsikring og banktenester er sterk, men me ser likevel vekst i banken si forvaltning. Det er tilbakeført 1,97 mill. kroner på tap utlån og garantiar hittil i 2026.
Resultat etter skatt gjev ein eigenkapitalavkastning pr. 30.06.2026 på 8,56 %.
Totalresultatet er påverka av verdiendring på finansielle eigendelar, hovudsakleg frå Eika Boligkreditt AS og Eika Gruppen AS. Banken rapporterer eit totalresultat pr. 30.06.2026 på 45,2 mill. kroner etter skatt, ein nedgang med 17,5 mill. kroner pr. 30.06.2025.
Eigenkapitalavkastning, resultat etter skatt
8,56 %
Resultat etter skatt
56,1
mill.kroner
Driftsinntekter
Netto renteinntekter er 85,8 mill. kroner, som utgjer 2,04 % av gjennomsnittleg forvaltningskapital (GFK). Tilsvarande tal for andre kvartal2025var renteinntekter på 91,7 mill. kroner som var 2,25 %av GFK. Pr. 30.06.2026 var andre ordinære driftsinntekter 16,8 mill. kroner, som utgjer 0,40 %av GFK. Samla utgjer våre driftsinntekter 3,06 %av GFK mot 3,22 %i same periode fjor.
Driftskostnader
Pr. 30.06.2026 var driftskostnadene 57,6 mill. kroner, tilsvarande 1,37 %i høve til GFK, som er 0,05 prosentpoenglågareenn i fjor. Kostnadsprosenten i prosent av totale inntekter, inklusiv verdipapir, er på 44,85 %mot 44,16 %i same periode fjor. Kostnadsprosenten eksklusiv verdipapir er 56,18 % mot 54,95 % i same periode i 2025.
Forvaltningskapital
8,7
mrd. kroner
Driftskostnader
57,6
mill. kroner
Nedskrivingar på utlån og garantiar
Banken har pr.andre kvartaltilbakeført nedskrivingar på utlån og garantiar på 1,97 mill. kroner som er ein forbetring på 1,7 mill. kroner frå i fjor. Det er auka misleghald i personmarknaden dette kvartalet der me har god sikring. Det er føreteke mindre justeringar på tidlegare tapsavsette engasjement.
Avkastning på eigenkapitalbevisa
Banken rapporterer eit resultat pr. 30.06.2026 etter berekna skatt på 56,1 mill. kroner, tilsvarande 1,34 %av GFK, mot 1,40 %i same periode i fjor. Dette er om lag som forventa. Eigenkapitalbeviskapitalen har ikkje auka i perioden. Berekna resultat er på 10,50kroner pr. eigenkapitalbevis etter skatt.
Eigenkapitalbevisa i Sogn Sparebank er noterte på Oslo Børs. Kurs pr. 30.06.2026 var kroner 306,00 pr. eigenkapitalbevis.