Sogn Sparebank har i fjerde kvartal hatt auka inntekter mot fjoråret. Hovudinntekta til banken kjem frå rentenetto. Rekneskapen for fjerde kvartal 2025 er utarbeidd i samsvar med IFRS. Rekneskapen er presentert i samsvar med IAS 34.
Foto: Vegard Aasen
Foto: Vegard Aasen
Resultat
Sogn Sparebank legg fram eit resultat før tap på 142,5mill. kroner pr. fjerde kvartal 2025. Resultat før tap er 1,4mill. kroner betre enn pr. fjerde kvartal 2024.
Rekneskapen til Sogn Sparebank viser at resultatutviklinga frå 2024 held fram. Me opplever at konkurransen på forsikring og banktenester er stor, men opplever likevel vekst. Det er netto tilbakeført 0,2 mill. kroner på tap utlån og garantiar hittil i 2025.
Resultat etter skatt gir ein eigenkapitalavkastning pr. 31.12.2025 på 9,09 %.
Totalresultatet er påverka av verdiendring på finansielle eigendelar, hovudsakleg frå Eika Boligkreditt AS og Eika Gruppen AS, som er postar som ikkje vil bli omklassifisert til resultatet. Banken rapporterer eit totalresultat pr. 31.12.2025 på 154,2 mill. kroner etter skatt, ein auke med 52,2 mill. kroner pr. 31.12.2024.
På bakgrunn av den positive utviklinga gjer styret i banken framlegg om å dele ut 9,9 MNOK i gåvemidlar som går tilbake til allmennyttige prosjekt og tiltak i lokalsamfunna i Sogn.
Styret gjer også framlegg om utbytte per EK-bevis på 22,00 NOK. Både gåvemidlar og utbyte per EK-bevis skal behandlast i banken si generalforsamling i april, og me tek difor atterhald om Generalforsamlinga si godkjenning.
Eigenkapitalavkastning, resultat etter skatt
9,09 %
Resultat etter skatt
113,1
mill.kroner
Driftsinntekter
Netto renteinntekter er 187,4 mill. kroner, som utgjer 2,25 % av gjennomsnittleg forvaltningskapital (GFK). Tilsvarande tal for fjerde kvartal2024var renteinntekter på 188,3 mill. kroner som var 2,35 %av GFK. Pr. 31.12.2025 var andre ordinære driftsinntekter 31,3 mill. kroner, som utgjer 0,38 %av GFK. Samla utgjer våre driftsinntekter 3,09 %av GFK mot 3,08 %i same periode fjor.
Driftskostnader
Pr. 31.12.2025 var driftskostnadene 114,7 mill. kroner, tilsvarande 1,38 %i høve til GFK, som er 0,06 prosentpoenghøgareenn i fjor. Kostnadsprosenten i prosent av totale inntekter, inklusiv verdipapir, er på 44,59 %mot 42,80 %i same periode fjor. Kostnadsprosenten eksklusiv verdipapir er 52,43 % mot 49,07 % i same periode i 2024.
Forvaltningskapital
8,3
mrd. kroner
Driftskostnader
114,7
mill. kroner
Nedskrivingar på utlån og garantiar
Banken har pr.fjerde kvartalnettotilbakeført nedskrivingar på utlån og garantiar på 0,2 mill. kroner som er ein forbetring på 6,4 mill. kroner frå i fjor. Det er føreteke mindre justeringar på tidlegare tapsavsette engasjement.
Avkastning på eigenkapitalbevisa
Banken rapporterer eit resultat pr. 31.12.2025 etter berekna skatt på 113,1 mill. kroner, tilsvarande 1,36 %av GFK, mot 1,29 %i same periode i fjor. Dette er om lag som forventa. Eigenkapitalbeviskapitalen har ikkje auka i perioden. Berekna resultat er på 22,62kroner pr. eigenkapitalbevis etter skatt.
Eigenkapitalbevisa i Sogn Sparebank er noterte på Oslo Børs. Kurs pr. 31.12.2025 var kroner 277,00 pr. eigenkapitalbevis.