Pr. 31.03.2026 har banken 6 957,1 mill. kroner i bruttoutlån som er ein auke på 388,6 mill. kroner siste 12 månader og som tilsvarar ein vekst på 5,92 %i eigen bank. Lån til personmarknaden utgjer 5 986,4 mill. kroner, og lån til bedriftsmarknaden utgjer 970,8 mill. kroner.
I tillegg yter banken 933,4 mill. kroner i lån til banken sine personkundar via Eika Boligkreditt AS, det er ein auke på 37,5 mill. kroner, tilsvarande ein vekst på 4,19 % i høve til same tid i fjor.
Total utlånsvekst inklusive Eika Boligkreditt AS ligger på 5,71 % sett mot fjoråret.
Innskot
Pr. 31.03.2026 har banken 6 493,6 mill. kroner i innskot, som er ein auke på 418,5 mill. kroner siste 12 månader og som tilsvarar ein vekst på 6,89 %.Innskot frå personmarknaden utgjer 4 540,3 mill. kroner, og innskot frå bedriftsmarknaden utgjer 1 953,3 mill. kroner. Innskotsdekninga i banken pr. 31.03.2026 er 93,34 %. Pr. 31.03.2026 har banken ein forvaltningskapital på 8 445,7 mill. kroner, som er ein auke på 258,4 mill. kroner siste 12 månader og som tilsvarar ein vekst på 3,16 %.
Kapitaldekning
Pr. 31.03.2026 var banken si kapitaldekning 30,14 % mot 26,17 % i same periode i 2025. Sogn Sparebank har pr i dag berre rein kjernekapital. Banken si kapitaldekning ligg innanfor alle regulatoriske krav, og resultatet hittil i år er ikkje med i kapitaldekninga.
Etter forholdsmessig konsolidering av Eika Gruppen AS og Eika Boligkreditt AS er rein kjernekapitaldekning på 28,04 %, som er om lag på nivå med fjoråret på 24,27 %.
Dotterselskap og tilknytt selskap
Dotterselskap
Sogn Sparebank eig 100 % av Sogn Sparebank Eigedom AS, som eig lokala banken leiger i sentrum av Sogndal., jf. note 3.
Tilknytt selskap
Sogn Sparebank eig 35 % av Sogn Forsikring AS som sel Eika Gruppen AS sine forsikringsprodukt. Sogn Sparebank har kjøpt resterande aksjar i selskapet den 15. april 2026, jf. note 3.