Sogn Sparebank har i første kvartal hatt lågare inntekter enn i same periode i fjor. Hovudinntekta til banken kjem frå rentenetto. Rekneskapen for første kvartal 2026 er utarbeidd i samsvar med IFRS. Rekneskapen er presentert i samsvar med IAS 34.
Resultat
Sogn Sparebank legg fram eit resultat før tap på 30,1mill. kroner pr. Q1 2026. Resultat før tap er 1,9 mill. kroner lågare enn første kvartal 2025.
Rekneskapen til Sogn Sparebank viser ei økonomisk utvikling i tråd med forventningane. Rentenetto har hatt ein nedgang mot fjoråret, delvis kompensert av andre inntekter og utlånsvekst. Me opplever at konkurransen på forsikring og banktenester er stor, men opplever likevel god vekst. Det er tilbakeført 0,03 mill. kroner på tap på utlån og garantiar hittil i 2026.
Resultat etter skatt gir ein eigenkapitalavkastning pr. 31.03.2026 på 6,82 %.
Totalresultatet kan bli påverka av verdiendring på finansielle eigendelar, hovudsakleg frå aksjepostar som følgje av medlemskap i Eika alliansen, som er postar som ikkje vil bli omklassifisert til resultatet. Banken rapporterer eit totalresultat pr. 31.03.2026 på 23,9 mill. kroner etter skatt, ein nedgang med 4,9 mill. kroner frå 31.03.2025.
Eigenkapitalavkastning, resultat etter skatt
6,82 %
Resultat etter skatt
22,2
mill.kroner
Driftsinntekter
Netto renteinntekter er 43,9 mill. kroner, som utgjer 2,13 % av gjennomsnittleg forvaltningskapital (GFK). Tilsvarande tal for første kvartal2025var renteinntekter på 47,1 mill. kroner som var 2,34 %av GFK. Pr. 31.03.2026 var andre ordinære driftsinntekter 8,4 mill. kroner, som utgjer 0,41 %av GFK. Samla utgjer våre driftsinntekter 2,84 %av GFK mot 3,00 %i same periode fjor.
Driftskostnader
Pr. 31.03.2026 var driftskostnadene 28,4 mill. kroner, tilsvarande 1,37 %i høve til GFK, som er 0,04 prosentpoenglågareenn i fjor. Kostnadsprosenten i prosent av totale inntekter, inklusiv verdipapir, er på 48,49 %mot 47,13 %i same periode fjor. Kostnadsprosenten eksklusiv verdipapir er 54,13 % mot 53,22 % i same periode i 2025.
Forvaltningskapital
8,4
mrd. kroner
Driftskostnader
28,4
mill. kroner
Nedskrivingar på utlån og garantiar
Banken har pr.første kvartaltilbakeført nedskrivingar på utlån og garantiar på 0,03 mill. kroner som er ein auke på 1,2 mill. kroner frå i fjor. Det er auka misleghald i personmarknaden der me har god sikring. Det er føreteke mindre justeringar på tidlegare tapsavsette engasjement.
Avkastning på eigenkapitalbevisa
Banken rapporterer eit resultat pr. 31.03.2026 etter berekna skatt på 22,2 mill. kroner, tilsvarande 1,08 %av GFK, mot 1,25 %i same periode i fjor. Dette er om lag som forventa. Eigenkapitalbeviskapitalen har ikkje auka i perioden. Berekna resultat er på 4,16kroner pr. eigenkapitalbevis etter skatt.
Eigenkapitalbevisa i Sogn Sparebank er noterte på Oslo Børs. Kurs pr. 31.03.2026 var kroner 336,95 pr. eigenkapitalbevis.